| |
Velkomen til sauen.no - drifta av ein saueflokk på Barmen
|
| |
SISTE NYTT:
|
| |
|
| |
- Vi kan truleg gjere flåtten mindre farleg for tobeinte(14.05.2012)
|
| |

|
| |
- Frå før har vi hatt følgjande arbeidsoppgåver i arbeidsinstruksen: Halde kulturlandskapet ved like og til slutt bli god mat. No skal vi òg rense flåtten fri for borreliabakterien, og igjen redusere talet på flått med å drive meir beiting, melder tillitssau Berta. Les meir på NRK sine nettsider.
Les fleire nyhende her
|
| |
|
| |
Vi støttar bøndene i kampen for
eit betre landbruksoppgjer (14.05.2012)
|
| |

|
| |
- Det er ikkje alltid vi er samde med Sauebonden, men
no går vi i tog for same sak: Hadde ikkje bøndene drive gardane i landet, hadde
heller ikkje vi vore i arbeid. Då hadde bygdene blitt lagt aude, og
kulturlandskapet grodd igjen. Bøndene gjer ein fantastisk innsats for landet, og
må då sjølvsagt få betalt for jobben. Heia alle gode bønder!,Dette skriv
tillitssau Berta, og fortel at dei aller fleste sauer stiller seg bak denne
uttalen. Les meir om landbruksoppgjeret
her.
Les fleire nyhende her
|
| |
|
| |
Sikra seg arbeidskontrakt berre tre veker gamle (05.05.2012)
|
| |
 |
| |
Dei to førstefødde vêrlamma denne sesongen kan i følgje Sauebonden sjå vinteren lyst i møte. Dei har allereie inngått arbeidsavtale der de skal vere selskap til den nye vêren som er venta til garden. Det betyr at dei kan gå inn som avslvêrar på andre gardar neste år. Om nokre er interessert i å sikre seg vêrar med viltfarge, kan ein ta kontakt på post@sauen.no.
Les fleire nyhende her
|
| |
|
| |
Velkomen til sauen.no - Finn din eigen sau på internett
Vi er ein liten saueflokk på øya Barmen i Nordfjord, som trivast både på beita og på nettet.
Du kan òg du få ta del i dette eventyret på Barmen med å leige din eigen sau. Les meir
|
| |

|
| |
"Vi i saueflokken fann ut at skulle vi få noko fart på denne garden, så måtte vi gjere noko sjølve. Programmet "Leig ein sau" er utarbeidd av saueflokken med ei syltynn godkjenning av sauebonden vår, som held til i det raude huset på Fjellet."
Berta - tillitssau og webmaster
|
| |
|
| |
 |
| |
"Vi har tatt på oss ei stor oppgåve, der vi skal halde dette kulturlandskapet ved like"
Dordi - pliktoppfyllande sau
|
| |
|
| |
 |
| |
"Vi trivast svært godt ved Fjellvatnet. Det er spesielt fint på seine sommarkveldar"
Hallgeir - romantisk vêr
|
| |
|
| |
Vi høyrer til ein demokratisk sauegard!
|
| |
Det er vi sjølve som har utarbeidd denne godkjenninga, og er
vel dei einaste i verda med denne godkjenninga. I dette ligg det følgjande:

- Kvar
saueflokk vel sin tillitssau.
- Det
skal vere møte mellom sauebonde og tillitssau minst ein gong i veka. Referat
frå møta skal publisertast på http://sauen.no
- Sauebonden
diskar opp med ekstra mykje sauemjøl på samarbeidsmøta.
- Sauebonden
skal legge til rette for at sauene får ha så mange møte dei vil. (Sauebonden
er her ansvarleg for serveringa, men bonden har ikkje talerett på desse
møta)
- Tillitssauen
har rett til å kalle inn sauebonden på teppet om ein har noko å klage på.
- All
kommunikasjon på møter mellom bonde - sau, og mellom oss sauer internt,
skal publiserast på http://sauen.no.
- Sauebonden
er ansvarleg for å utarbeide arbeidsinstruks og arbeidsavtale.
Fjellet 26.11.2011
Berta (sign) Fjellaren
(sign.)
- tillitssau - - sauebonde -
|
| |
"Vi i saueflokken fann ut at skulle vi få noko fart på denne garden, så måtte vi gjere noko sjølve. Programmet "Leig ein sau" er utarbeidd av saueflokken med ei syltynn godkjenning av sauebonden vår."
Barmen 16.11.2011,Berta - tillitssau og webmaster
|
| |
|
| |
 |
| |
Her ser vi sauebonden få ei overhøvling under eit av møta. (Foto: sauen.no)
|
| |
|
| |
Sauebonden har krangla seg til å
få ordet på sauen.no. Vi var i det milde hjørnet, og slapp han til.
(NB! Dette
er første og siste gongen sauebonden får uttale seg fritt på sauen.no) Berta.
Sauebonden har ordet:
Aller først vil eg takke Berta
for at eg slepp til her på sauen.no.
Det har kome meg for øyret at
nokon på fastlandet har starta å stille spørsmål om sauene på Fjellet verkeleg
er så spesielle?
Ja, kan eg svare til alle som
lurer på det. Denne saueflokken er fantastisk! Og ja, sauene kan snakke, men
det er berre inne i hovudet til underteikna. Sauen.no er eit univers, der
sauene sine tankar, meiningar og opplevingar kjem til uttrykk gjennom tastaturet
mitt. Hovudformålet med dette er å skape glede, og kanskje underhalde nokre
enkle sjeler.
Livet som sauebonde er fantastisk
kjekt, og denne gleda kan kanskje andre få ta del i gjennom sauen.no.
Gjennom sauen.no kan ein kanskje òg
bli motiverte og engasjerte i kampen mot gjengroinga av det flotte
kulturlandskapet vi har arva frå forfedrane.
Eg håpar at sauene ikkje går over
streken i utsegnene sine på sauen.no.
Har du kommentarar til denne nettsida
kan ein kontakte han som verkeleg er ansvarleg for desse noko lauskjefta
sauene:
Kontakt:
Håvar Fagerli
6715 Barmen
E-post: havar@fjellar.no
Mobil: 942 79 790
|
| |
|
| |
|
| |
Les fleire nyhende her
|
| |
|
| |
|
| |

|
| |
Det er greitt at vi har laga denne sida, men har du noko å klage på må vi vise deg vidare til sauebonden vår: Fjellaren
|