Adam og Douglas er på plass

(29.09.2017) Adam (t.h.) og Douglas er no komne over sjokket etter at dei møtte deira nye sauebønder. for første gong. - Søyene på Barmen verkar til å vere rimeleg bra, og det er no det viktigaste, seier dei to til sauen.no. (Klikk på bileta for større versjon)

 

Adam og Douglas kjem frå flokken til Bjarte Myklebust, og ber begge uvanlege, men dagsaktuelle namn frå nettopp Bremanger. Dei to musikalske og verdsvande unge vêrane har no funne seg godt til rette på Barmen, men dei innrømmer at førsteinntrykket av deira nye sauebønder var noko spesielt.

 

– Ja, vi er godt vande frå oppegåande sauebønder i Bremanger, men vi vart noko skeptiske då vi såg kva vi gjekk til, seier Adam og Douglas. Når sauen.no vil ha dei to vêrane til å utdjupe dette, ristar dei på hovudet og ser med sorg i auga mot Fjellaren som trakkar i ring nedanfor.

 

På ein fantastisk flott dag i september bestemte tre saueflokkar på Barmen å sende bøndene sine til Bremanger for å hente heim nokre nye vêrar. Bjarte Myklebust har ein flokk med gammalnorsk spælsau som ikkje har noko slektskap til flokkane på Barmen. Planen var då å hente heim nokre vêrar frå Ålfoten slik at ein fekk nytt blod til Barmen.

 

Ingen visste då at det var nettopp Adam og Douglas som skulle hentast til øya, og det herja forventing og spaning blant enkelte søyer.  På andre sida av gjerdet, blant vêrane på Barmen, er det derimot spor av misnøye. - Ja, kva har dei å tilby som ikkje vi har, spurde dei erfarne vêrane, Bjarte og Bjørnar.

"Sauen.no er alltid først med det siste frå sauebeitet!" Hallgeir, pensjonert vêr. " Skulle noko bli gjort på denne garden, måtte vi gjere det sjølve" Solsikke, innovativ sau

Annonse:

"Sauen.no er drive av sauene på Fjellet, med ei syltynn godkjenning av sauebonden vår, Fjellaren" Berta, tillitssau. "Hadde det ikkje vore for sauen, ville mange tobeinte gått seg bort i kratt og skjerr. Bjøro, matglad vêr

Annonse:

Sauebøndene: Vi forstår godt at Adam og Douglas vart noko sjokkerte då dei møtte desse tre karane første gong. Dei tre sauebøndene er her fotografert på Barmøyferja på veg over til fastlandet.

                                                                                                   Foto: Ein blid ferjepassasjer

Som sagt vart det i allmøte mellom dei tre saueflokkane bestemt at dei tre aktuelle sauebøndene skulle sendast til Ålfoten. Då det vart kjent blant sau og folk på Barmen at nettopp desse tre sauebøndene skulle ut i verda, gjekk det ikkje lenge før lesarforumet til sauen.no gjekk noko varmt. Det var ei tydeleg uro blant både folk og fe på Barmen korleis det skulle gå når desse skulle vere representantar frå øya. - Heldigvis er det i alle fall to nokolunde vettige blant desse tre, var ein av kommentarane.

 

Sauen.no fekk følgje med på reisa, og vil i denne reportasjen formidle litt av det dei tre sauebøndene opplevde på ferda, og få utfyllande kommentarar frå dei meir verdsvande vêrane Adam og Douglas.

 

Allereie på Barmøyferja over til fastlandet starta diskusjonane mellom dei tre sauebøndene. Då ferjebillettøren på Barmøyferja spurde kven av dei tre som skulle betale for ferjeturen dukka første utfordring opp for dei tre reisande. Alle tre ville betale, men dei vart samde rett før ferja la til kai på fastlandet.

 

- Ferien er berga, var kommentaren frå den eine bonden,  i det han trakka ut av Barmøyferja og hadde fast grunn under føtene. Same karen spurde om det var innlagt ispause på turen. Det vart igjen ein diskusjon mellom dei tre, men det enda med at ispause vart lagt inn i den allereie nøye planlagde og stramme reiseplanen.

 

Ferda gjekk så til Bryggja, der dei tre karane forsynte seg godt av isdisken at sauen.no sin utsende ikkje ville vedkjenne seg å vere ein del av dette reisefølgjet. Utanfor butikken på Bryggja knitra det i ispapir, før det endeleg vart litt stilt ei stund. Dei tre var då samde om at turen så langt var å rekne som ein stor suksess.

 

Ispause: - Turen har vore ein suksess så langt, seier sauebøndene. Her fotografert på Bryggja.

                                                                                                   Foto: sauen.no

Sola strålte over Nordfjorden denne dagen, og dei tre karane fekk oppleve ei flott kryssing over Nordfjorden til Isane.

 

- Det er sikkert stort for dei tre karane å vere om bord i ei anna ferje enn Barmøyferja, seier Adam. Etter ein liten biltur i flotte omgjevnader, var dei vel framme på Myklebust i Ålfoten.

"Selje": - Det er sikkert stort for dei tre karane å vere om bord i ei anna ferje enn Barmøyferja, seier Adam.

                                                                                                   Foto: sauen.no

Bjarte Myklebust tok følgjet vel i mot, og tre spente sauebønder frå Barmen fekk ei omvising på garden. Myklebust har både gammalnorsk spælsau og svartfjes, i tillegg er familien involvert i nybygd samdriftsfjøs for mjølkeproduksjon.

Sauekar: Bjarte Myklebust saman med Adam på veg ut av fjøset.

                                                                                                   Foto: sauen.no

Det første møtet mellom tre sauebønder frå Barmen og to vêrlam frå Bremanger, utarta eg nok noko ulikt for dei to partane. Dei tre sauebøndene fortel oppglødde til sauen.no at dette vart eit godt møte med kjærleik ved første blikk, medan Adam og Douglas har ein heilt annan versjon.

 

- Vi stod inne i fjøsen, og venta spent på kven som skulle hente oss. Døra gjekk sakte opp, dei skarpe solstrålane frå døropninga stakk i auga. Motlyset gjorde at vi først berre såg tre skuggar i døra. Til meir av synet vi fekk igjen, til meir skuffa vart vi. Då synet var 100% tilbake, var vi også tilsvarande sjokkert og skuffa over det vi såg, fortel Adam.

 

- Men så er vi no glade i utfordringar, legg Douglas til.

 

Den gode hyrding: Bjarte Myklebust ser ut til å vere ein svært populær sauebonde.

                                                                                                   Foto: sauen.no

Etter det første møtet mellom bønder og vêrar, fekk bøndene i seg litt kaffi medan vêrane fekk kome seg over det verste sjokket i fred og ro. Sauebøndene hadde ei triveleg stund saman med Bjarte Myklebust og familien, der dei fekk høyre meir om sauedrifta på garden. – Både lærerikt og triveleg, meinte dei tre reisande sauebøndene.

 

Etter ei god kaffistund og triveleg saueprat, sette tre bønder og to flotte vêrlam nasene mot Barmen. Adam og Douglas fortel til sauen.no at det var interessant å sitje på med dei tre sauebøndene.

 

På ferja Isane-Stårheim ville sjåføren av bilen sjå til at alle vart korrekt registrert om bord. Dette visste dei tre sauebøndene er viktig ut frå erfaringa dei har frå Barmen-Barmsund. Sjåføren melde då ifrå om at han hadde med seg to bønder og to vêrar. - Dei to vêrane er vel og merke under fire år, så det skulle vel vere greitt med billetten, la han til. Ansiktsuttrykket og reaksjonen til ferjebillettøren på Stårheim-Isane, viste at det kanskje herskar noko ulike kulturar på ulike ferjesamband.

 

Heime på Barmen stod det mange spente søyer langs vegen då sauebøndene med Adam og Douglas rulla forbi. Det gjekk eit gisp gjennom hordane med søyer som hadde møtt opp. - Dette stod verkeleg til forventingane, jublar ei smilande Hjurdis til sauen.no.

 

Til stor skuffelse blant dei mest håpefulle søyene, vart dei to staselege vêrlamma  innlosjert saman med dei meir etablerte vêrane første natta. Sauen.no har likevel fått vite frå ulike kjelder at det var kontakt mellom fleire søyer og dei nye vêrane løpet av natta. Sjølv om det var eit gjerde mellom, veit vi at det vart utveksla ein heil del kontaktinformasjon denne natta.

 

Det første møtet: Det vart gjort mange avtaler gjennom gjerdet den første kvelden på Barmen.

                                                                                                   Foto: sauen.no

- Det er gledeleg at inntrykket av søyene på Barmen veg opp mot førsteinntrykket av sauebøndene. No ser eg igjen lyst på livet, seier ein optimistisk Adam.

 

- Ja, dette blir nok vår beste haust så langt, smiler Douglas. – Og første, legg Adam til.

 

Vi ynskjer Adam og Douglas velkomne til Barmen, og lukke til med jobben seinare i haust.

 

 

Under kan de sjå fleire bilete frå besøket med Bjarte Myklebust i Ålfoten.

God søye: Den godt erfarne søya fødd i 2006 er ein flott representant for gammalnorsk spælsau.

                                                                                                   Foto: sauen.no

Faderen: Far til Adam og Douglas er ein skikkeleg staskar, og har namnet Kronprins Haakon.

                                                                                                   Foto: sauen.no

Flokken: Stor glede når Bjarte Myklebust spanderer litt kraftfôr til saueflokken

                                                                                                   Foto: sauen.no

Ny heim: Adam og Douglas har no funne seg godt til rette på Barmen.

                                                                                                   Foto: sauen.no