Arkiv 2011-2013

Album: De finn bileta i albumet vårt. Klikk på biletet for å gå til albumet. Foto: Håvar Fagerli)

Nettbutikk

Alle bilete av sau på sauen.no er fotografert av Fjellaren (Håvar Fagerli) på eigen gard, om ikkje noko anna er skrive. Bileta er av sauerasen gammalnorsk spælsau, og alle fotomodellane går fritt ute på Fjellet heile året. Du finn alle bileta i albumet vårt (Klikk på biletet ovanfor).

 

 

Vil du ha ein sau på veggen?

Vi samarbeider med fleire fotolaboratorium, og kan difor tilby dei fleste typar produkt med motiv  frå sauen.no. Vi vil saman med kunden skreddarsy eit produkt, der kunden sjølv bestemmer både motiv, storleik. Når ein har funne eit motiv i albumet vårt, skriv ein bildenummera i ein e-post, og legg til kva type produkt ein vil ha. Gammalnorsk spælsau tek seg godt ut på dei fleste veggar.

Bruksrett av digitale foto

Ein kan kjøpe bruksrett til digital versjon alle bileta i albumet til sauen.no. Det er berre registrerte føretak som kan kjøpe bruksrett. (Unntak er sauesponsorar som får avgrensa bruksrett til dei fotografia dei får tilsendt.)

 

Ynskjer ein å kjøpe bruksrett, kan ein kontakte sauen.no der ein oppgjev følgjande opplysningar:

Bildenummer (Står under det aktuelle bildet i albumet)

Type bruksrett (Sjå under)

Kvar skal biletet publiserast?

Namn og kontaktinformasjon på føretak som kjøper.

Om ein ynskjer tilsendt fil på e-post eller på cd.

 

Alle registrerte føretak får tilsendt faktura saman med bildefila.

Prisliste for bruksrett

Alle prisar er utan meirverdiavgift og gjeld for bruk ein gong. Ved fleirbruk av bilete blir det skrive eiga avtale.

" Skulle noko bli gjort på denne garden, måtte vi gjere det sjølve" Solsikke, innovativ sau

Annonse:

Bruk i trykksaker:

Annonse, brosjyre, reklame, avis, magasin, kalendar, bøker:

Bruksrett (ein gong) - halv side og mindre

Bruksrett (ein gong) - halv til heil side

Bruksrett (ein gong) - dobbelside

Bruksrett (ein gong) - framside

kr.

kr.

kr.

kr.

1.450,-

1.700,-

1.950,-

2.300,-

Internett:

 

Bruksrett (ein gong)

kr.

1.150,-

 

"Hadde det ikkje vore for sauen, ville mange tobeinte gått seg bort i kratt og skjerr. Bjøro, matglad vêr

Fri bruksrett:

 

 

Annan bruk:

 

Sauen.no viser til Lov om opphavsrett til åndsverk m.v. (åndsverkloven) når ein inngår avtale om kjøp av bruksrett.

 

Alt publisert materiale på sauen.no (både tekst, foto og grafikk) er å rekne som sauen.no sin eigedom om ikkje anna er oppgjeve.

 

 

Annonse: