Arkiv 2016

Fødd: april 2014                                                                                                           Eigar:  Torbjørn Solvåg

Gunnarsen

Gunnarsen er ein staseleg vêr, som fekk engasjement for å bli far til 2017-årgangen. Gunnarsen har fått gode skussmål frå tidlegare engasjement på øya, og går for å evre ein triveleg vêr, sjølv om nokon meiner han er vel forfengeleg.

(Klikk på bileta for større versjon)

" Skulle noko bli gjort på denne garden, måtte vi gjere det sjølve" Solsikke, innovativ sau

Annonse:

Tvillingar: Tvillingane Solberg og Gunnarsen har vore tett på kvarandre sidan dei vart fødde i 2014. Dei har ikkje alltid vore like gode vener, noko som har resultert i litt såre naseparti. No har dei vekse frå kvarandre , og det er Gunnarsen (t.h.) som har fått engasjement på Fjellet. (Foto: Håvar Fagerli )     

"Hadde det ikkje vore for sauen, ville mange tobeinte gått seg bort i kratt og skjerr. Bjøro, matglad vêr

Annonse:

Fornøgd:  Er godt fornøg med eigen utsjånad (Foto: Håvar Fagerli )     

Avkledd: Gunnarsen i nyklipt utgåve. Den forfengelege vêren likar ikkje at sauen.no har publisert dette biletet, og meiner at dette er eit grovt brot på vær-varsom-plakaten. (Foto: Håvar Fagerli )