Arkiv 2016

Fødd: 2008                                                                     ( 2011, 2012)                                            Eigar:  Halvdan Solvåg

Gunnarsen

Hallgeir er fødd ein vakker vårdag i 2008. Han vaks opp under gode kår hjå ein erfaren sauebonde på Barmen. Ein dag i 2010 flytta Hallgeir til Fjellet, og vart første vêr på sauen.no. De kan lese meir om det første møtet mellom  Fjellaren og Hallgeir/"Veslevêren" her. I 2012 tok Hallgeir ut AFP, og kan sjå tilbake på to spanande år i eit relativt stort rampelys til vêr og vêre.

 

"Nei til sitkagran, einer og tistlar! Ja til kulturlandskap!" Shabby Sheep, estetikar.

Foto

Livdyr

GNS

Artiklar

"Sauen.no er alltid først med det siste frå sauebeitet!" Hallgeir, pensjonert vêr. " Skulle noko bli gjort på denne garden, måtte vi gjere det sjølve" Solsikke, innovativ sau

Annonse:

Hallgeir kjem frå besetninga til Torbjørn Solvåg.

Veslevêren: Hallgeir var den første vêren Fjellaren fekk gleda av å kjenne: Fjellaren er framleis takksam for at Hallgeir var så tolmodig med den uerfarne sauebonden.

                                                                                                      (Foto: Håvar Fagerli )     

(Klikk på bileta for større versjon)

Aktiv: Hallgeir var ein svært aktiv vêr, både på beitet og på nett.

                                                                                                  (Foto: Håvar Fagerli)         

 

 

26.04.2012

Torsdag ettermiddag kom Sauebonden og ein annan kar og henta Hallgeir. – No skal Hallgeir på ferie, fortalde Sauebonden. Etter det sauen.no kjenner til kom denne ferien svært uventa på både Hallgeir og resten av flokken.

 

26.04.2012

Det nærmar seg lamming, og tradisjonen tru arrangerer Berta barselkurs. Den driftige tillitssauen fekk hakeslepp då den vordene faren takka nei tl å vere med på kurset. - Det er skuffande at Hallgeir seier frå seg alt ansvar. Det er spesielt leit med tanke på alt vi opplevde saman i november. Hallgeir vil ikkje gje annan kommentar til sauen.no enn: - Det var då mykje til mas!

 

26.03.2012

Det som såg ut som skulle bli ein vanleg fredag på beitet, utvikla seg til ein liten påskekrim på førehand. Tre karar i ein tildekka kassebil oppsøkte dei tobeinte rundt på øya, og gav seg ut for å vere seljarar. Hallgeir har noko erfaring med etterretningsarbeid frå den tida han beita ved ferjekaia, og heldt eit auge med dei tre framandkarane som smaug seg rundt hushjørna på Fjellet. Politiet vart kontakta, og karane vart stoppa av politiet på fastlandet. - Dei kjem nok ikkje tilbake til Barmen med det første, humrar den stolte vêren, som gler seg over at det går mot påske- og krimtid.

 

30.01.2012

I fjor opplevde vi eit fantastisk fenomen som gjorde at vi kunne gå på vatnet. Dette gjorde at beiteområda vart utvida, då Sauebonden ikkje hadde fått med seg at Fjellvatnet vart hardt. I mørke kveldar har det blitt snakka om at forfedrane våre opplevde at ein langhåra gjetar gjorde det same for fleire tusen år sidan.

- Men i den soga vert det fortalt at vatnet faktisk var i væskeform, seier ein opplyst sau. Nokre urolege sjeler i flokken lurer på om vi kanskje vil oppleve dette på nytt denne vinteren.

- Medan vi ventar på våren er i alle høve dette ein heilt grei aktivitet og avbrekk frå kvardagen, seier Hallgeir.

 

20.12.2011

Ein førjulskveld utspann det seg ein svært dramatisk situasjon midt under kveldsmaten. Ein av fjøsnissane fall, så liten som han var, ned frå høykrybba. Berta, som var oppteken med å få i seg mest mogleg høy, merka ikkje at nissen hang fast i ulla på ryggen hennar. Ein snarrådig redningsaksjon frå Hallgeir (t.v.) fekk den forskrekka fjøsnissen opp att, og ingen kom med det til skade. Hallgeir vil ikkje kalle seg ein helt , og seier at han berre gjorde plikta si. Tillitssau Berta legg ansvaret for uhellet over på sauebonden; - Her ser ein kor viktig det er med HMS i landbruket, påpeikar tillitssauen. Fjøsnissen, som ynskjer å vere anonym, meiner at sauebonden no bør gje fjøsnissane ein ekstra porsjon graut, som kompensasjon for manglande sikring i høykrybba.

 

02.12.2011

- Det er ikkje enkelt å vere vêr. I alle fall ikkje når sauene stiller så store krav til kreativitet og spenstige variasjonar. Eg gjer så godt eg kan, seier ein oppgitt Hallgeir, som får støtte frå sauebonden i denne saka. Det har som kjent kome fram noko misnøye blant nokre av oss i saueflokken i løpet av paringstida Dei av oss som klagar kan fortelje svært så spanande historier dei har høyrt frå veninner på fastlandet.

 

13.11.2011

På siste møtet med Fjellaren, såg vi oss nøydde til å ta opp eit noko betent og dagsaktuelt emne. Nokre av oss er ikkje heilt fornøgd med vêren. - Hallgeir er veldig omtenksam, men vi meiner at ein må kunne vere noko meir kreativ, seier nokre i flokken. Fjellaren og Hallgeir tek dette til etterretning.

 

Hallgeir på sauen.no: