org. nr: 995709252

Annonse:

 

 

 

 

 

 

 

Sauen.no har fått nye nettsider. Gå til dei nye sidene her.

 

 

- Kva skal eg seie? (03.05.2013)

 
d

(Foto: Håvar Fagerli

 

- Vi er forundra, seier vêren Bjøro.

   
 

- Vi har verdas beste vikar (28.04.2013)

 
d

(Arkivfoto: Håvar Fagerli

 

Fjellaren er så heldig å ha ein nevø som veit meir om oss sauer enn Fjellaren gjer sjølv. I siste helga i april reiste Fjellaren i bryllaup i Bergen, og vi var så heldige å få ein ekte sauebonde på garden nokre dagar. - Tusen takk til Petter for ei super helg med godt stell. Det er godt at vi i alle fall somme gonger kan få oppleve å ha nokre vituge folk rundt oss, seier tillittsau Berta.

   
 

Stiller sterkt på leiken "Fargekongen"

 
 

(Foto: Håvar Fagerli

 

Lamma likar godt å leike saman. Fru Sauterne fekk 17. april eit fargerikt søyelam som er soleklar favoritt når lamma leikar "Fargekongen". Fjellaren tykkjer at dei mange ulike fargevariantane er noko av det som gjer gammalnorsk spælsau til ein så fantastisk sauerase.

   
 

Det grønast i bakkane og lammeflokken aukar (19.04.2013)

 
 

(Foto: Håvar Fagerli

 

Sauer og fjellfolk sin trivselsfaktor stig etter kvart som grønfargen blir sterkare og sterkare.

 

Lammingar: 15. -19.04:

15.04.2013: G20001 og Børre fekk eit fint lam

17.04.2013: G10008 og Bjøro fekk eit fargerikt lam.

17.04.2013: G20009 og Børre fekk sitt første lam saman

18.04.2013: G20008 og Børre fekk eit sprekt lite lam.

   
 

Kvifor er Fjellaren så glad for at Fjellvatnet vart isfritt? (16.04.2013)

 
  Om ein lurer på dette, kan ein lese her.
   
 

Våren kjem med stormen (14. - 15.04.2013)

 
 

Fjellvatnet 15. april klokka 06.15

   
 
 

Fjellvatnet 14. april klokka 20.15

   
 
 

Fjellvatnet 14. april klokka 16.30

   
 
 

Fjellvatnet 14. april klokka 12.00

 

Etter snart eit halvt år med kaldt og tørt vêr, er det glede på sauegarden når det bles storm og regnet høljar ned. - Definisjonen på fint vêr er ikkje alltid sol frå klår himmel, seier Børre Godevêr.

 

For dei som vil sjå Fjellvatnet utan is, sjå her.

 

Sauen.no vil jamleg kome med oppdateringar med kva som skjer med isen på Fjelvatnet. Vi minner om kva som har hendt på isen tidlegare i vinter.

 

Litt storm stoppar ikkje lamminga:

14. april 2013: G20001 og Børre fekk sitt første lam saman.

14. april 2013: G10018 og Bjøro har fått to flotte lam. (Eit mørkt og eit svart viltfarga).

 

Under ser de Fjellvatnet, slik det har vore sidan november 2012:

 
 

Fjellvatnet 13. april klokka 18.00

   
 

Dordi har fått det første flekkete lammet på Fjellet (13.04.2013)

 
 

Gammalnorsk spælsau er ein faregerik sauerase på fleire måtar. Frå før er det sauer i dei fleste fargar på Fjellet, men aldri har det kome eit flekkete lam. - Som mor vil eg seie at det sjølvsagt er det indre som er viktigast, men det skadar no ikkje at ein er fin å sjå til i tillegg, seier Dordi. Sponsoren til Dordi var svært glad for meldinga om lammet, som har fått namnet Lilly.

 

Fotballpatriotar kan òg glede seg over at lammet har kledd seg i Sogndal sine fargar. (Molde-Sogndal 1-2, journ anm.)

 

Lammingar på Fjellet 10. - 12. april:

12. april 2013: R10008 og Børre fekk eit nett tvillingpar.

11. april 2013: Dordi og Børre fekk eit flott og flekkete søyelam.

   
 

Vi gratulerer Bjøro som far for første gong  (09.04.2013)

 
 

Bjøro kan no kalle seg ein ekte vêr. - Det er godt å endeleg kunne gjere alle negative påstandar og fordommar frå vêrkollegaen til skamme, seier ein letta far.

 

Lammingar på Fjellet 5. -9. april:

8. april 2013: R10004 og Børre fekk eit flott vêrlam.

9. april 2013: G10009 og Bjøro vart foreldre til eit triveleg tvillingpar.

9. april 2013: Berta og Børre fekk to ivrige tillitslam.

9. april 2013: R9008 og Børre kunne klokka 20.05 glede seg over to velskapte lam

   
 

- No vil vi ha vår!  (07.04.2013)

 
 

(Foto: Håvar Fagerli

 

Saueflokken på Fjellet er misnøgde med dei som er ansvarlege for vêret, og har laga følgjande klage:

 
   
 

Børre leiar 10-0 over Bjøro (05.04.2013)

 
f

(Foto: Håvar Fagerli

 

Børre har så lagt blitt far til ti flotte lam, medan flokken til Bjøro har hatt ein litt rolegare start på lamminga 2013. - Berre vent så skal de få sjå, seier Bjøro, medan vi høyrer Børre humre i bakgrunnen.

 

Lammingar på Fjellet, 1. - 4. april:

2. april 2013: 10009R og Børre fekk sitt første tvillingpar saman. Alt står bra til med mor, lam og vêr.

   
 

- Påska vart ikkje akkurat som planlagt. (31.03.2013)

 
f

(Foto: Håvar Fagerli

 

Ytre og uventa omstende førte til omregulering av beitet på sjølvaste langfredag: - Dette gjorde at Fjellaren fekk ei noko meir hektisk påske enn planlagt.- Då er det ekstra kjekt at vi i dag, 1. påskedag, kan glede oss over åtte flotte og friske lam som spring rundt på garden. Ein utfordrande start har det vore, men hardhausane har greidd seg utruleg bra, seier ein noko trøytt sauebonde.

Tillitssau Berte meiner på si side at dette var unødvendig store ord frå Fjellaren. - For oss er dei siste opplevingane for berre smårusk å rekne. Vi vil minne Fjellaren om at vi er av rasen gammalnorsk spælsau, påpeikar Berta.

 

Lammingar på Fjellet, 27. - 31. mars:

28. mars 2013: Fjellrose og Børre fekk eit stort og svart vêrlam.

31.mars 2013: Saudny og Børre kunne glede seg over eit søtt lite lam.

   
 

Børre Godevêr kan meir enn å posere. (26.03.2013)

 
f

(Foto: Håvar Fagerli

 

Børre er glad for at det 25. mars kom prov på at han kan meir enn å posere framfor kamera. Den andre vêren på garden, Bjøro, har til tider vore kristisk til vêrkollegane sin. - Børre likar seg så godt framfor kamera, at han gløymer den verkelege jobben, sa Bjøro om Børre i novermber 2012. - Det er godt å kunne vise at eg kan meir enn å berre riste på horna, svarar Børre tilbake i dag.

 

Lammingar på Fjellet, 25. - 26. mars:

25. mars 2013: Solsikke fekk saman med Børre to velfødde tvillingar.

26. mars 2013: Shabby Sheep og Børre vart foreldre til eit triveleg tvillingpar.

26. mars 2013: 9004 og Børre vart stolte foreldre til to fantastiske lam.

 

Sauegarden på Fjellet

 
 

Ved Fjellvatnet på den fagre øya Barmen heilt ute i havgapet ligg garden vår. Garden ligg 120 meter over Stadhavet. Sidan dei andre gardane på den nesten ni kvadratkilomer store øya vår ligg ved havet, måtte sjølvsagt garden vår bli kalla for Fjellet. Vi omtalar oss sjølve difor som sauegarden på Fjellet.

Les meir om garden vi bur på.

   
 

Kvifor ikkje starte med gammalnorsk spælsau?

 
 

 (Foto: Håvar Fagerli)

 

Sauebonden arbeider for tida som lærar på fastlandet, og er saman med oss på kveldstid. - Ein heilt grei kombinasjon, seier han. Sauebonden fortel i denne artikkelen om kvifor det er så fantastisk kjekt å vere sauebonde for akkurat gammalnorsk spælsau. - Det hadde vore heilt supert  med fleire flokkar av gammalnorsk spælsau i distriktet, seier bonden på Barmen.

Les artikkelen om gammalnorsk spælsau her.

 

Sjå galleriet som syner bilete, avkom og stamtavle til kvar einaste sau i flokken.

Mattilsynet

Landslaget for gammalnorsk spælsau

Kontakt sauen.no

   
 

Til nyhendearkiv

   
 

 

Garden vår vert kalla for Fjellet, sjølv om ha berre ligg 120 meter over havet. Likevel er vi stolte av at sauene  i låglandet kallar oss Fjlell-sauene. Sauebonden går òg under tilnamnet Fjellar, og bur saman med kone og to born i det raude huset.

Fjellrose - Fjell-sau og hobbybotanikar

   
 
 

"Vi har tatt på oss ei stor oppgåve, der vi skal halde dette kulturlandskapet ved like"

Dordi - pliktoppfyllande sau

   
 
 

"Vi trivast svært godt ved Fjellvatnet. Det er spesielt fint på seine sommarkveldar"

Hallgeir - romantisk vêr

   
 

Vi høyrer til ein demokratisk sauegard!

 

Det er vi sjølve som har utarbeidd denne godkjenninga, og er vel dei einaste i verda med denne godkjenninga. I dette ligg det følgjande:

 

  • Kvar saueflokk vel sin tillitssau.
  • Det skal vere møte mellom sauebonde og tillitssau minst ein gong i veka. Referat frå møta skal publisertast på http://sauen.no
  • Sauebonden diskar opp med ekstra mykje sauemjøl på samarbeidsmøta.
  • Sauebonden skal legge til rette for at sauene får ha så mange møte dei vil. (Sauebonden er her ansvarleg for serveringa, men bonden har ikkje talerett på desse møta)
  • Tillitssauen har rett til å kalle inn sauebonden på teppet om ein har noko å klage på.
  • All kommunikasjon på møter mellom bonde - sau, og mellom oss sauer internt, skal publiserast på http://sauen.no.
  • Sauebonden er ansvarleg for å utarbeide arbeidsinstruks og arbeidsavtale.

 

 

Fjellet 26.11.2011

 

    Berta (sign)                                                Fjellaren (sign.)

        - tillitssau -                                                   - sauebonde -              

 

 

"Vi i saueflokken fann ut at skulle vi få noko fart på denne garden, så måtte vi gjere noko sjølve. Programmet "Leig ein sau" er utarbeidd av saueflokken med ei syltynn godkjenning av sauebonden vår."

Barmen 16.11.2011,Berta - tillitssau og webmaster

 

 

 
 

Her ser vi sauebonden få ei overhøvling under eit av møta. (Foto: sauen.no)

   
 

Sauebonden har krangla seg til å få ordet på sauen.no. Vi var i det milde hjørnet, og slapp han til.

(NB! Dette er første og siste gongen sauebonden får uttale seg fritt på sauen.no) Berta.

 

Sauebonden har ordet:

 

Aller først vil eg takke Berta for at eg slepp til her på sauen.no.

 

Det har kome meg for øyret at nokon på fastlandet har starta å stille spørsmål om sauene på Fjellet verkeleg er så spesielle?

 

Ja, kan eg svare til alle som lurer på det. Denne saueflokken er fantastisk! Og ja, sauene kan snakke, men det er berre inne i hovudet til underteikna. Sauen.no er eit univers, der sauene sine tankar, meiningar og opplevingar kjem til uttrykk gjennom tastaturet mitt. Hovudformålet med dette er å skape glede, og kanskje underhalde nokre enkle sjeler.

 

Livet som sauebonde er fantastisk kjekt, og denne gleda kan kanskje andre få ta del i gjennom sauen.no.

 

Gjennom sauen.no kan ein kanskje òg bli motiverte og engasjerte i kampen mot gjengroinga av det flotte kulturlandskapet vi har arva frå forfedrane.

 

Eg håpar at sauene ikkje går over streken i utsegnene sine på sauen.no.

 

Har du kommentarar til denne nettsida kan ein kontakte han som verkeleg er ansvarleg for desse noko lauskjefta sauene:

 

 

Kontakt:

Håvar Fagerli

6715 Barmen

E-post: havar@fjellar.no

Mobil: 942 79 790

 

 

 

Det er greitt at vi har laga denne sida, men har du noko å klage på må vi vise deg vidare til sauebonden vår: Fjellaren