Fleire og fleire ynskjer å starte opp med gammalnorsk spælsau. - Det er svært gledeleg, seier Fjellaren til sauen.no. Her  har vi lista opp kva som må gjerast før ein kan handle livdyr.

Emilie er til liks med dei fleste andre sauer av rasen gammalnorsk spælsau svært tillitsfulle og kjælne. (Foto: Håvar Fagerli)

Kva må gjerast?

Det første ein må gjere for å starte opp som saueprodusent er å kontakte Matilsynet. Her får ein rettleiing om kva ein må gjere vidare. Har ein lite erfaring med sau anbefalar vi å lese seg litt opp. Fjellaren anbefalar desse to bøkene:

Livdyr

GNS

Artiklar

"Sauen.no er alltid først med det siste frå sauebeitet!" Hallgeir, pensjonert vêr. " Skulle noko bli gjort på denne garden, måtte vi gjere det sjølve" Solsikke, innovativ sau

Annonse:

Når kunnskapen og det formelle er på plass kan ein finne ein produsent i sitt distrikt som sel livdyr. Sauen.no høyrer til distriktet om dekkjer kommunane  Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn, Vågsøy. Ein kan sjølvsagt søkje Mattilsynet om å kjøpe livdyr utanfor eige distrikt. Det må søkjast til Mattilsynet for å flytte hodyr frå ei anna besetning til ei anna, sjølv om dette er i same distrikt. Så ein enkel regel er å kontakte Mattilsynet så snart ein har planar om å kjøpe livdyr.

Ver tidleg ute

Det er lurt å planleggje på lang sikt. Papirarbeidet til dei offentlege etatane kan somme tider ta litt tid, og det kan nokre år vere ekstra stor etterspurnad etter dyr. Sauen.no arbeider etter prinsippet "førstemann til mølla", og har måtte dei siste åra seie nei til fleire som var interesserte i livdyr. Det er også lurt å gjere avtale året i førevegen, då ein enklare kan planlegge kor mange søyer som skal påsettast komande haust.

 

For kjøp av livdyr ta kontakt på e-post eller telefon 942 79 790.

 

Prisar 2017 (eksl. mva):

 

Søyelam: 2 800 kr

Gimrer: 3 000 kr

Vaksne søyer: 3 000 kr

Ukåra vêrlam: 2 800 kr

Kåra vêrlam: 3 200 kr

Risbit eller vaksen vêr: 3 000 kr

Album

Video

Kontakt

"Sauen.no er drive av sauene på Fjellet, med ei syltynn godkjenning av sauebonden vår, Fjellaren" Berta, tillitssau. "Hadde det ikkje vore for sauen, ville mange tobeinte gått seg bort i kratt og skjerr. Bjøro, matglad vêr

Annonse:

Stamtavle

Alle livdyr som vert levert frå sauen.no har stamtavle, helsekort og produksjonsbevis. Sauen.no er medlem av Sauekontrollen. Ein kan òg sjå stamtavla til livdyra på sauen.no. Her får ein sjå foto av samtlege søyer og vêrar som har trakka i bakkane på Fjellet. Sauen.no arbeider etter rasestandardane til Landslaget for gammalnorsk spælsau.