Sauene

- Eg vil ut i verda

Vêrane

(07.08.2017) - Eg vil ut i verda, seier 70040 (4 mnd.) til sauen.no. Saman med 60 andre lam er dei alle spente på kva framtida vil bringe.

 

September og oktober er spanande månader for lamma på Fjellet. Medan nokre må slite vidare med Fjellaren, er andre så heldige at dei får etablere seg på andre gardar. Det tredje alternativet ynskjer ikkje 70040 å kome inn på, då ho har høyrt at dette alternativet legg dårleg til rette for sjølvrealisering eigenutvikling.

 

70040  håpar at nokon kan tenkje seg å kjøpe lam av rasen gammalnorsk spælsau frå Fjellet, og at ho er ein av dei heldige. - Eg er dottera til Klara og Gråvar, så eg er av god avstamning, seier den unge sauen.

 

Sauene på Fjellet er svært interessert i slektsgransking, så ein kan på sauen.no sjå bilete og lese fakta om kvar enkelt sau og vêr som har trakka på Fjellet. Ein finn dette med å klikke på menyane på sidene av artikkelen.

 

Om ein vil vite meir om kjøp av livdyr frå sauen.no kan de sjå her.

 

- Ta gjerne kontakt med meg via sauen.no, er oppmodinga frå 70040, som håpar at nokon ute i verda kan gje ho eit  passande namn og godt liv.

 

Under kan ein sjå eit lite utval av lamma frå 2017. (Klikk på bileta for å sjå dei i større format)

 

"Sauen.no er alltid først med det siste frå sauebeitet!" Hallgeir, pensjonert vêr. " Skulle noko bli gjort på denne garden, måtte vi gjere det sjølve" Solsikke, innovativ sau

Annonse:

"Sauen.no er drive av sauene på Fjellet, med ei syltynn godkjenning av sauebonden vår, Fjellaren" Berta, tillitssau. "Hadde det ikkje vore for sauen, ville mange tobeinte gått seg bort i kratt og skjerr. Bjøro, matglad vêr

Annonse: