Arkiv 2016

Garden vår vert kalla for Fjellet, sjølv om ha berre ligg 120 meter over havet. Likevel er vi stolte av at sauene i låglandet kallar oss Fjellsauene. Folket som bur her er fjellarar. Sauebonden vår er Fjellaren, som bur saman med kone og to born i det raude huset. (Foto: Håvar Fagerli)

Gunnarsen

Arkiv 2014

Sauen.no: Tillitssau Berta

Sauebilete

Ved Fjellvatnet på den fagre øya Barmen heilt ute i havgapet ligg garden vår. Garden ligg 120 meter over Stadhavet. Sidan dei andre gardane på den nesten ni kvadratkilometer store øya vår ligg ved havet, måtte sjølvsagt garden vår bli kalla for Fjellet. Vi omtalar oss sjølve difor som sauegarden på Fjellet. For nokre kan det kanskje vere noko råflott å kalle ein stad 120 meter over havet for Fjellet, men geografi og klima gjer at innmarka på garden går direkte over i herleg kystlynghei. Slik sett har vi tilgong til både reint grasbeite, og det som andre kallar for skikkeleg fjellbeite. Vi har altså eit fantastisk variert og godt matfat rett utanfor fjøsdøra.

"Sauen.no er alltid først med det siste frå sauebeitet!" Hallgeir, pensjonert vêr. " Skulle noko bli gjort på denne garden, måtte vi gjere det sjølve" Solsikke, innovativ sau

Annonse:

Garden ligg ved Fjellvatnet 120 meter over Stadhavet. Vi kan skimte det raude våningshuset nede i bakkane. (Foto: Håvar Fagerli)

Stein på stein

Garden har i løpet av tida blitt delt opp i fleire bruk med ulike eigarar. Likevel er det i 2012 berre fastbuande på eitt bruk, 74/1. Vi kan difor seie at fastbuande fjellarar er noko sjeldant og eksotisk, og det er difor folket på garden likar at vi kallar dei for fjellarar. Sauebonden på garden vår er som kjent noko kravstor, og ynskjer å bli titulert som Fjellaren, altså i bunden form og stor bokstav. Fint skal det vere, sjølv om han ikkje er oppvaksen på garden ein gong.

 

Garden ligg i bratt terreng, og i løpet av dei siste hundre åra har tusenvis av steinar blitt til flotte bakkemurar. I dag kan vi nyte synet av fleire hundre meter med staslege bakkemurar, steingardar og små vegar som buktar seg oppover dei bratte liene. Dette har ikkje gjort seg sjølv, og vi skuldar å seie at dette er dei ekte fjellarane, som gjennom fleire generasjonar, bokstavleg talt har lagt stein på stein. Det tunge kroppsarbeidet med jordrydding og muring  kom i tillegg til alt det daglege gardsarbeidet og fiskeri. Desse bakkemurane gjer at vi dag har mange små grøne flater å beite på, og ikkje berre bratte steinrøyser. I tillegg gjer dei staslege bakkemurane landskapet endå finare for auga.

 

Fjellaren fortel i dag at han er mektig imponert over alt arbeidet som har blitt lagt ned av dei staute, flittige og ekte fjellarane opp gjennom tida. Tydelegvis er det fleire som har sett pris på jordryddingsarbeidet som har blitt gjort på Fjellet. 1. juli 1955 mottok gardbrukar Kristian K. Myklebust (f. 15.10.1902) Kongens Fortenestemedalje for jordrydding av Gnr. 74/1.

 

- Det er med stor respekt vi har plukka opp stafettpinnen, og no skal føre garden vidare til komande generasjonar. Dei fleste gardar har sin særeigne og spanande historie. Vi gardbrukarar forvaltar viktige kulturminne, som vi må behandle så godt vi kan før vi leverer dei vidare til nye generasjonar. Det er ei fantastisk god kjensle å vere med på denne dugnaden for å halde ved like landskapet, som har blitt forma av flittige arbeidsnevar opp gjennom fleire generasjonar, seier Fjellaren.

"Sauen.no er drive av sauene på Fjellet, med ei syltynn godkjenning av sauebonden vår, Fjellaren" Berta, tillitssau. "Hadde det ikkje vore for sauen, ville mange tobeinte gått seg bort i kratt og skjerr. Bjøro, matglad vêr

Annonse:

To av oss i ein diskusjon på ein av mange bakkemurar. (Foto: Håvar Fagerli)

Ein ny vår

Etter kvart som dei ulike bruka på Fjellet la ned drifta, og talet på beitedyr gjekk ned, grodde Fjellet igjen. Til slutt var det ikkje andre beitedyr enn ein og annan hjort på Fjellet. Hjorten gjorde så godt han kunne, men likevel grodde Fjellet igjen på rekordfart. Det som tidlegare var frodige og grøne enger, utvikla seg til lysebrune tepper av gammalt gras med ein og anna eine og sitkagran til pynt. Det var då fjellarane igjen ville ha det grønt rundt seg, dei kontakta oss. I 2010 vart det heldigvis sauer på Fjellet igjen.

 

- Den viktigaste reiskapen vår for å forvalte dette flotte kulturlandskapet er sauene. Hadde det ikkje vore for sauene hadde oppgåva vår vore heilt umogleg, seier Fjellaren.

 

I september 2010 starta fjellarane opp med seks sauer, ein vêr på lån og eitt vêrlam som ingen andre ville ha. (De kan lese meir om oppstarten her). Vi vil understreke at vi er av rasen gammalnorsk spælsau, altså skikkelege sauer. Det første året beita vi berre på ein liten del av hovudbruket. Heldigvis har både beite og tal på dyr auka etter kvart. For å sjå utviklinga av drifta listar vi difor opp litt fakta under:

ÅR

10-11

11-12

12-13

13-14

14-15

15-16

16-17

SAU>1ÅR

6

6

14

36

33

31

31

SAU<1ÅR

0

8

22

12

4

8

9

VÊR

1

1

2

2

2

3

2

PAKTA BRUK

74/1

74/1, 74/4

74/1, 74/3, 74/4, 74/6

74/1, 74/3, 74/4, 74/6

74/1, 74/3, 74/4, 74/6

74/1, 74/3, 74/4, 74/6

74/1, 74/3, 74/4,

FULLDYRKA

5 daa

7 daa

11 daa

11 daa

11 daa

11 daa

11 daa

INNMARKSBEITE

5 daa

61 daa

85 daa

133 daa

133 daa

133 daa

120 daa

Emilie er ein av sauene på Fjellet som gjer ein kjempejobb med å halde ved like kulturlandskapet. (Foto: Håvar Fagerli)

Fjellarane er i dag Kariann og Håvar Fagerli, to born og to kårfolk. Saman arbeider dei med pleiing av kulturlandskapet i kampen mot attgroinga.  Som dei fleste andre småbrukarar kan ikkje familien leve av berre gardsdrifta, og begge er difor i fullt arbeid som lærarar ved ungdomsskulen i Selje. Planen er likevel at gardsdrift etter kvart skal bli hovudinntekta til familien. Vi sauer håpar òg at i alle fall ein av gardsfolket i nær framtid kan vere saman med oss på dagtid, og ikkje berre morgon og kveld.

Drifta i dag

Fjellaren og slåmaskina spelar på same lag.  (Foto: Håvar Fagerli)

Fjellarane driftar kanskje ikkje Fjellet så effektivt som ein kunne forvente i 2012, men likevel har det sine føremoner med denne driftsforma. Det blir blant anna berre brukt tørrhøy som vinterfôr. Dei bratte slåttemarkene med små gardsvegar gjer det vanskeleg å bruke større traktorar. Alt gras blir difor slått med slåmaskin eller ljå, for så å bli hengt opp i hes til tørk. Dei første åra kom alt høyet i hus med handemakt. Det vart difor ein revolusjon, då det vart investert i ein ATV med tilhengar som kunne transportere høyet i hus. Tørrhøy eit svært bra vinterfôr, og vi sauer likar det mykje betre enn våtfôr.

Resultatet frå Fjjellet Hesjefestival 2013.  (Foto: Håvar Fagerli)

Som sikkert dei fleste veit, ligg det ofte att visse typar twist når tobeinte får forsyne seg fritt frå twistposen. Slik er det òg med oss sauer. Når vi har fri tilgang til store areal med innmarksbeite, blir nokre av vekstane ståande att. For at vi skal beite nokolunde reint, har fjellarane delt innmarksbeitet opp i fleire mindre felt. Vi må difor ete opp maten før vi får hoppe til neste matfat. Dette gjer at beita blir berre betre og betre. Det er dei gode beitevekstane som vinn, og vi får den maten vi vil ha, og landskapet blir berre finare og finare. Denne driftsmåten gjer likevel at fjellarane må setje opp ein heil del gjerde, for å dele opp beita i fleire felt.

Kart over garden med gardsnamn og inndelinga av dei ulike beitefelta. Klikk på bildet for å sjå heile kartet. Frå seinhausten 2012 vart beiteområda utvida til òg å omfatte gnr. 74/5. Takk til Alfred, Egil og Ingunn for at vi får bruke beita dykkar (Montasje laga av Håvar Fagerli).

Sidan vi held til ved kysten, har vi eit mildare klima om vinteren her enn lenger inne i landet. Det er sjeldan det er under fem minusgrader om vinteren, og  vi har milde periodar som vaskar bort snø og is. Såleis har vi stort sett meir berr mark enn snødekt mark om vinteren.  På Fjellet får vi sauer bestemme mykje sjølve. Blant anna får vi bestemme om vi skal vere inne eller ute, både vinter og sommar. Fleire av dei ulike beitefelta har tilhøyrande fjøs med  fôringsanlegg for både høy og kraftfôr. Desse fjøsane er opne, slik at vi går inn og ut slik vi sjølv ynskjer. Vi likar oss aller best ute, og rømer stort sett berre i hus for å få i oss litt høy og kraftfôr.

Vi inntek dei fleste mjølmåltid innandørs, men likar oss best ute på beitet (Foto: Håvar Fagerli).

Ute på beitet er  det sett opp ei saukvie til  samlingar i sommarhalvåret. (Foto: Håvar Fagerli).

Målet med gardsdrifta

Fjellarane har sagt at motivasjonen for gardsdrift på Fjellet er først og fremst vedlikehald av kulturlandskapet. Dei har òg eit ynskje om at drifta av jorda kan bli ein næringsveg ein kan leve av. Med oss sauer på laget arbeider dei for å finne nye prosjekt som gagnar både kulturlandskap og lommebok. På same tid har dei eit mål om at fleire skal starte opp med sau og geit som beitedyr, og då sjølvsagt helst gammalnorsk spælsau.

Om du vil vite meir om gammalnorsk spælsau, kan du klikke på biletet. (Foto: Håvar Fagerli).