Foto: Håvar Fagerli

Primæroppgåva til alle artar er formeiring, slik er det også med oss. Vi brettar oss difor ut på denne nettstaden, for at de kan bli frista til å starte opp med denne fantastiske sauerasen. Vi vert veldig glade om vi får spre genene våre til andre gardar. De kan no anten lese artikkelen under, eller lese meir om kvar sau og vêr  ved å klikke på knappane til venstre og høgre for biletet. Ta gjerne kontakt for meir informasjon.

 

No likar ikkje vi å skryte så mykje av sjølve, og vi vil difor overlate tastaturet til sauebonden Fjellaren:

 

 

(Sauegarden på Fjellet): - Det var i starten ikkje planen at eg skulle bli eigar av ein flokk Gammalnorsk spælsau, men heldigvis gjorde fleire samantreff til at eg i dag satsar for fullt som sauebonde med denne fantastiske sauerasen på øya Barmen i Nordfjord, seier sauebonde Håvar Fagerli.

 

Etter kvart som eg har blitt betre kjent med dei individa eg har på garden, blir eg berre meir og meir imponert over dei gode eigenskapane til Gammalnorsk spælsau. Sjølv er eg vasken opp med Norsk kvit sau på kvar ein gard, og trudde at dette var sauerasen eg skulle satse på. Heldigvis gjekk det ikkje slik.

 

Etter tre år saman med Berta, Fru Sauterne, Fjellrose og dei andre sauene mine, ser eg denne sauerasen har fleire gode og viktige eigenskapar. Eg kan her nemne at Gammalnorsk spælsau:

 

 

 

 

* er ein godlynt rase.

* er ein sauerase som er lett å få med seg på "tur".

* har utprega gode morsinstkt

* lammar lett, og mest utan hjelp.

* har god mjølkeproduksjon.

* er flotte å sjå til, der kvar sau har sin spesielle utsjånad.

* kjem i fleire fargar

* er lite utsett for rovdyrangrep.

* har relativt høgt lammetal.

* har greie slaktevekter. (Fleire oppdrettarar melder om snittvekter på 19-20 kg).

* er lynande intelligent (då tenkjer eg ikkje berre på at dei har eigne nettsider).

* hardfør rase som er lite utsett for sjukdommar.

* nøysam rase - gode beitedyr.

* held nede alle vekstar under ein meter.

* er lettbeint og rask, tek seg godt fram i bratt og ulendt terreng.

* kan brukast i alle driftsformer (utegang, varm fjøs eller kald fjøs.)

* gjer ein god del større og fleire lam enn villsauen.

* kan med litt kreativ tenking gje like god inntekt som Norsk kvit sau.

Godevêr Børre er far til mange flotte lam.

Foto: Håvar Fagerli

 

I dag er det eit lite miljø med denne sauerasen i Nordfjord, der vi held til, men eg registrerer at talet på besetningar av Gammalnorsk spælsau er i vekst. Eg vil gjerne prøve å vere til hjelp om nokon kan tenkje seg å starte opp med Gammalnorsk spælsau. På denne nettsida (sauen.no) går eg under namnet Sauebonden, og registrerer at sauene skriv om meg i noko kritisk lys. Eg håpar difor at det ikkje stoppar nokon frå å ta kontakt. Om nokon er interessert i livdyr, vil ein her òg kunne få hjelp av Landslaget for gammalnorsk spælsau. Landslaget har medlemmer over heile landet.

 

Vi treng fleire sauer i landet vårt, og med det fleire sauebønder. Det er i dag underskot på lammekjøt i Norge. Mange klagar på at landet gror igjen, men ikkje alle gjer noko med det. Mi meining er: Eig ein jord, bør ein òg vedlikehalde jorda si. Den beste reiskapen for å vedlikehalde kulturlandskapet er gode beitedyr, som til dømes Gammalnorsk spælsau.

 

 

Når ein er sauebonde med ein flokk Gammalnorsk spæl får ein mange gleder:

Ein blir glad av å ha så flotte dyr rundt seg.

 

Det er den beste måten å vedlikehalde kulturlandskapet på.

 

Ein er med å kjempe mot gjengroinga. Då må ein ha i bakhovudet at gjengroing fører til redusert beitekvalitet, redusert framkome for menneske og dyr, tap av biologisk mangfald, tap av kulturminne og opplevingsverdi og at landskapet blir brannfarleg.

 

Ein får mindre flått i områda der sauene beitar.

 

Ein får godt samvit når ein tek vare på kulturlandskapet som forfedrane har slite for før vår tid.

 

Ein får eit fantastisk mørt og velsmakande kjøt med lite feittinnhald.

 

Ein får fin og mjuk botnull og lang sterk dekkull i lange lokkar ulike fargar, som eigna seg godt til huslflid.

 

Ein får mange flotte naturopplevingar saman med fantastiske dyr.

 

Og  ein kan faktisk tene nokre kroner på produkt som kjøt, skinn, horn med meir. Her er det berre å vere kreativ.

Våren er ei fantastisk tid for både lam, sau og folk.

Foto: Håvar Fagerli

 

Eg vil til slutt ta med eit sitat av kollega Agnete Kristoffersen som fortel korleis vi som driv med Gammalnorsk spælsau ser på dyra våre:

 

 

 

 

 

Eg håpar at fleire får opp auga for denne fantastiske sauerasen. For meir informasjon om Gammalnorsk spælsau kan eg anbefale:

"De er vakre å se på med sine utallige farger og horn, og gjør rett og slett landskapet vakrere!"
 Fjellet 17.09.2012 Håvar Fagerli - sauebonde -