ODDVEIG
60012
Kosinusdott
Fødd på garden 23. april 2016
Oddveig: – Som tillitssau er eg kronisk kritisk til Fjellaren
Oddveig viste allereie i ung alder at ho var ein skarp sau. To år gammal kapra Oddveig vervet som tillitssau i saueflokken på Fjellet.
Det hadde lenge vore kniving om det prestisjefylte vervet i flokken, og den då unge og hornfagre søya vart stemt fram som benkeforslag etter ein knallhard kamp i kulissene.
Sidan den gong har Oddveig hatt litt motgang, og ber no preg av at det er tøft på toppen.
Mor: Kosinus (20003)
Far: Gråvar (50024)
Oddveig er godt fornøgd med namnet og meiner sjølv at ho ber namnet med heva hovud, sjølv med berre eitt horn .
Sauene på Fjellet er fotogene, og tek seg godt ut på på både beitet og ein vegg.
Klikk på bilda for å sjå dei i større format og aktuelle variantar og storleikar.