Personvern og cookies

PERSONVERNERKLÆRING
Image link

Denne personvernerklæringa fortel korleis Fjellar AS som dataeigar samlar inn og brukar personopplysningar.

Adresse:
Barmavegen 471
6715 Barmen

Nettadresse:
https://fjellar.no
https://sauen.no

Organisjonsnummer: 932 985 004

 Vår organisasjon, ved Håvar Fagerli, er behandlingsansvarleg for behandling av personopplysningar.

 Erklæringa inneheld opplysningar du har krav på når det vert samla inn opplysningar frå nettstadane våre (personopplysningslova § 19, 19, kap. 3, artikkel 13 – del 1) og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysningslova § 18 kap. 3, artikkel 13 – del 2).

Vår databehandlar er Fjellar AS, org.nr. 932 985 004 og Bluepeak AS, org.nr. 930 470 961

Informasjonskapslar (cookies)

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som vert plassert på datamaskina din når du besøker ei nettside.

Føremålet er både å gjere brukaropplevinga betre for deg ved at nettstaden hugse innstillingane dine, kva sider du har besøkt, innlogging og eventuelle brukarnamn og andre opplysningar som du har lagt inn og vil at nettsida skal hugse slik at du slepp å skrive dette inn for kvar gong.

Vi brukar ikkje informasjonskapslar til å sjå kva nettsider du besøkjer etter at du har vore på nettsidene våre. Vi lagrar heller ikkje informasjon som gjer at vi kan identifisere deg som person.

Det er frivillig for deg som besøker nettsidene å gje personopplysningar i samband med tenester, til dømes å motta nyheitsbrev eller å fylle ut og sende inn skjema.

Om du besøker denne nettstaden så samlar vi likevel inn avidentifiserte opplysningar om besøket gjennom verktøyet Google Analytics. Føremålet med dette er å utarbeide statistikk som vi brukar til å forbetre og vidareutvikle informasjonstilbodet på nettstadane. Døme på kva statistikken gir svar på, er kor mange som besøkjer ulike sider på nettstaden, kor lenge besøket varar, kva nettstadar brukarane kjem frå og kva nettlesarar som vert nytta.

Opplysningane vert behandla i avidentifisert og aggregert form. Med avidentifisert meiner vi at vi ikkje kan spore opplysningane vi samlar inn tilbake til den enkelte brukar.

Her kan du lese om korleis du kan administrere bruken av informasjonskapslar på ein nettstad: Slik administrer du informasjonskapsler – Nettvett.no

Kundeopplysningar

Om du er kunde med oss lagrar vi relevant informasjon om deg som kunde i ulike internettbaserte og passordbeskytta system så lenge kunderforholdet varer. Kontakt oss dersom du ønskjer ei oversikt over kva internettenester vi brukar for å behandle opplysningar om deg som kunde.

Vi ønskjer å behalde dataene også etter at vi er ferdige med å vere leverandør for å kunne sjå historikken og dermed betre kunne hjelpe deg ved seinare høve. Du kan når som helst kontakte oss dersom du vil at vi skal slette dei opplysningane vi har om deg.

Kommentarar

Om det er opna for kommentarar på enkelte innlegg på nettstaden, og legg inn ein kommentar i kommentarfelt, så samlar vi inn opplysningar i kommentarskjemaet, i tillegg til IP-adressa og opplysningar om nettlesaren, for å hindre søppelkommentarar. Kommentaren vert synleg for alle som besøker den aktuelle sida fram til du eventuelt slettar den.

Kontaktskjema

Når du kontaktar oss via skjema på nettstaden, så vert dei opplysningane du legg inn lagra i våre system så lenge det er behov for dei for å kunne yte dei tenestene du ber om.

Innebygd innhald frå andre nettstadar

Sider og artiklar på denne nettstaden kan ha innhald (t.d. videoar, bilete, artiklar, deling i sosiale medium) frå andre nettstadar. Slikt innebygd innhald frå andre nettstadar fungerer akkurat som om du hadde vore på dei andre nettstadane.

Desse nettstadane kan samle data om deg, bruke informasjonskapslar, innehalde tredjepartssporing, og overvake korleis du samhandlar med det tredjepartsinnhaldet. Det kan vere å spore korleis du samhandlar med innebygd innhald viss du har ein brukarkonto og er logga inn på den nettsida.

E-post og telefon

Organisasjonen vår nyttar e-post, nettbaserte prosjektverktøy og telefon som ein del av det daglege arbeidet. Den tilsette som har dialogen med den som tek kontakt har det daglege ansvaret for behandlinga av personopplysningar i denne samanhengen.

Den enkelte er ansvarlig for å slette meldingar og informasjon som ikke lenger er aktuell, og minst kvart år gjennomgå og slette unødvendig innhald i e-postkassa. Om medarbeidaren sluttar vert epostkontoane til vedkomande sletta, men enkelte relevante e-postar vil normalt bli overført til kollegaer.

Ver merksam på at vanleg e-post ikkje er kryptert. Vi oppfordrar deg derfor til å ikkje sende teiepliktige, sensitive eller andre fortrulege opplysningar via e-post. Dette omfattar også brukarnamn og passord.

Opplysningar om tilsette

Vi behandlar personopplysningar om våre tilsette for å administrere løn og personalansvar.

Det er administrasjonen ved dagleg leiar som har det daglege ansvaret for dette. Det vert registrert naudsynte opplysningar for utbetaling av løn, til dømes grunndata, lønsnivå, tidsregistrering, skatteprosent, skattekommune og tilknyting til fagforeining. Andre opplysningar om tilsette er knytt til vedkomande sin arbeidsinstruks og tilrettelegging av vedkomande sitt arbeid.

Sletterutinar for personalopplysningar følgjer rekneskapslova og arkivlova. Opplysningar om namn, stilling og arbeidsområde, saman med e-postadresse og telefon som tilhøyrer organisasjonen, er rekna for å vere offentlege opplysningar, og vert publisert på våre nettsider.

Alle stillingssøknadar på e-post vert lagra i personalansvarleg sitt e-postarkiv, og vesentlege opplysningar vert lagra i database der berre personalansvarleg/dagleg leiar har tilgang. Desse vert ikkje sletta om ikkje søkjaren ber om det. Dersom søkjaren ikkje ber om at vi tek vare på sjølve søknadsteksten og CV til eventuelt framtidige stillingsutlysingar, så vil den bli sletta innan eitt år.

Alle tidlegare og noverande tilsette har ei personalmappe i vårt arkivsystem, der berre personalansvarleg/dagleg leiar har tilgang. Her vert blant anna stillingssøknaden arkivert. Personalmapper blir rydda ved utløp av arbeidsforholdet, og personopplysningar blir sletta (maklulert).

Kven vi deler opplysningane dine med

På alle nettstadane nyttar vi informasjonskapslar. Viss du fyller ut skjema på netttaden vert dataene du fyller inn, saman med tidspunkt og IP-adresse sendt til oss på e-post, i tillegg til at dei vert lagra i skjemaverktøyet vårt. Det er berre tilsette i vår organisasjon som har tilgang til desse dataene.

Opplysningar om kundeforhold vert delt med rekneskapsførar. Dette omfattar namn på kontaktpersonar, e-postadresser, fakturainformasjon, informasjon om kva tenester de abonnerer på, kva de har betalt.

Data som vert sendt inn via skjema på ei av desse tenestene vert lagra på server hos vår databehandlar, som har teieplikt og som vi har databehandlaravtale med.

Kor lenge vi lagrar opplysningane dine

Om du kommenterer eit innlegg, blir kommentaren og opplysningane om han lagra. Det er fordi vi skal kunne kjenne att og godkjenne oppfølgingskommentarar automatisk i staden for å halde dei i kø for godkjenning.

Vi lagrar opplysningar om brukarane som registrerer seg her, t.d. alle som har tilgang til å redigere innhald på nettstaden, så lenge som dei sjølve ønskjer å ha brukartilgang. Alle brukarar kan sjå, endre og slette personopplysningane sine når som helst, men dei kan ikkje endre brukarnamn. Styrarar på nettstaden kan òg sjå og endre desse opplysningane.

Om du har sendt oss opplysningar via eit skjema, eller har eit kundeforhold til oss, så lagrar i opplysningane så lenge som naudsynt for å kunne yte tenester til deg. Vi ønsker å behalde data også etter at vi er ferdige med å vere leverandør, eller behandlar førespurnaden frå deg, for å kunne sjå historikken og dermed betre kunne hjelpe deg ved seinare høve.

Kva rettar du har over opplysningane dine

Viss du har ein brukarkonto, eller har skrive kommentarar på denne nettstaden, kan du be om å få ei eksportfil med alle dei personopplysningane vi har om deg, mellom anna alle opplysningane du har gjeve oss. Du kan òg be om at vi slettar alle personopplysningar vi har om deg. Dette gjeld likevel ikkje data vi må lagre av administrative, juridiske eller tryggleiksgrunnar.

Har du spørsmål om korleis vi elles behandlar personopplysningar, er det berre å ta kontakt med oss.

Kontakt:

Fjellar AS
Håvar Fagerli
E-post: hf@fjellar.no
Telefon: 942 79 790