Brede: – Det gjeld å tenke breitt

Brede: – Det gjeld å tenke breitt

BREDE

99007

Douglasson

Fødd på garden, 01. mai 2019

Brede: – Det gjeld å tenke breitt, då kjem ein seg over alle hindringar

Image link

Brede er ein kar som tek seg godt ut i alle årstider. (Foto: Håvar Fagerli)

Brede er ein løysingsorientert vêr: – Eit gjerde er ingen hindring, berre ei spennande utfordring, seier den spenstige vêren. 

 

I tillegg til å ha breie horn, er Brede ein type som likar å breie seg utover.

– Dette er ein vêr som krev stor plass, seier Fjellaren, og legg fort til at han av prinsipp ikkje uttalar seg om enkeltindivid i saueflokken.

Brede blir av medsauer omtala som ein breihorna, snill og driftig vêr med svært god spenst. Han er fødd 1. mai 2019 og er son av Douglas og Hjurdis Shabbydott.

– Eg er ein som likar å få tinga gjort fort effektivt, seier Brede.
Mor: Hjurdis (70008)
Far: Douglas (70008)

Sauene og vêrane på Fjellet er fotogene, og tek seg godt ut på på både beitet og ein vegg.

Klikk på bilda for å sjå dei i større format og aktuelle variantar og storleikar.

Image link

Brede er ein hornfager vêr. (Foto: Håvar Fagerli)

I boka «Norske folkenamn med tydingar (1913)» står det at namnet Brede tyder «tvingaren»!
Image link

Brede vil ikkje utdjupe tydinga av namnet noko meir. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Brede har også vore ungdom. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Brede på ein vinterdag. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Brede i heilfigur. (Foto: Håvar Fagerli)

Sau på veggen?

Dekorative veggbilde på fotopapir, lerret eller alumnium?

Sau i stolen?

Lune og langhåra lammeskinn frå gammalnorsk spælsau.

Related Posts