Bærgit: – Noko er for fint til å ete opp

Bærgit: – Noko er for fint til å ete opp

BÆRGIT

10036

Selmadott

Fødd på garden, 20. april 2021

Bærgit: – Eg går heller svolten enn å ete noko som eg kan putte i plantesamlinga mi

Image link

Bærgit er alltid på jakt etter nye plantar. (Foto: Håvar Fagerli)

Bærgit er så glad i blomster og plantar at det ofte kan by på litt problem. – Det er mykje som er for fint til å ete opp.

Bærgit innser at det ikkje er enkelt å velje mellom å ete blomen eller legge han i herbarium.

Eg prioriterer sjølvsagt å utvide den rike plantesamlinga mi, seier søya Bærgit som helst vil bli titulert som botanikar.
Mor: Selma (70008)

– Eg veit at det blir snakka om meg i flokken, men ein skal ikkje rakke ned på andre sine hobbyar, seier søya som heller går svolten enn å ete det finaste ho veit.

Bærgit vart fødd i ei artsrik eng ein fin aprildag i 2021. Mora Ragna og faren Larsen såg fort at Bærgit ikkje var som alle andre, men respekterte likevel Bærgit for den ho var.

Image link

Bærgit likar også å eksperimentere med sveisen. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Bærgit nyt synet framfor smaken når ho ser ein plante ho likar. (Foto: Håvar Fagerli)

Sau på veggen?

Dekorative veggbilde på fotopapir, lerret eller alumnium?

Sau i stolen?

Lune og langhåra lammeskinn frå gammalnorsk spælsau.

Relaterte innlegg