Fjeli: – Her må vi ta ansvar

Fjeli: – Her må vi ta ansvar

FJELI

10060

Frøydisdott

Fødd på garden, 20. april 2021

Fjeli: – Det eg har sett så langt er slett ikkje bra

Image link

Fjeli er ei ansvarsfull søye. (Foto: Håvar Fagerli)

Fjeli er ikkje gamle søya, men har allereie tatt tak der Fjellaren og eldre søyer har svikta.

Den unge søya meiner at ein ikkje skal ta for lett på det ein har forplikta seg til å gjere.

Skal noko gjerast, det gjerast skikkeleg, seier Fjeli.

– Her må Fjellaren ta seg saman.

Fjeli er glad i korpsmusikk, har høg kompetanse på reingjering, og er ikkje framand for å bli tillitssau om ho ein gong blir nominert.

Mor: Frøydis (60005)

Sauene og vêrane på Fjellet er fotogene, og tek seg godt ut på på både beitet og ein vegg.

Klikk på bilda for å sjå dei i større format og aktuelle variantar og storleikar.

Image link

Fjeli saman med sine to små våren 2024. (Foto: Håvar Fagerli)

Namnet Fjeli er ei samansetting av Fjellet og Eli. I følgje boka Norske folkenamn med tydingar frå 1913 høyrer Eli til ei namnegruppe som kan knytast til Helena. Namnet er gresk og tyder «ljoset».

Fjeli er eit lyspunkt i flokken, seier Fjellaren.
Image link

Fjeli er eit lyspunkt i flokken. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Fjeli og nokre lite skarpe medsøyer ein snørik vinterdag på Fjellet. (Foto: Håvar Fagerli)

Sau på veggen?

Dekorative veggbilde på fotopapir, lerret eller alumnium?

Sau i stolen?

Lune og langhåra lammeskinn frå gammalnorsk spælsau.

Relaterte innlegg