Foxy: – Eg er berre ei vanleg søye

Foxy: – Eg er berre ei vanleg søye

FOXY

70014

Olgadott

Fødd på garden, 30. april 2017

Foxy: – Eg er berre ei vanleg søye

Image link

Foxy poserer, men understrekar at ho ikkje likar det noko særleg. (Foto: Håvar Fagerli)

Foxy er lei av at alle dømmer ho ut frå namnet. – Eg er berre ei vanleg søye, understrekar Foxy.

Foxy kan fortelje om fleire uheldige episodar, og har ein teori om at det skuldast at namnet kan sende ut feil signal. Søya vil ikkje gå i detaljar om dette, men vil heller fortelje litt om seg sjølv:

– Eg er fødd 30. april 2017 og er dotter av søya Olga og vêren Gunnarsen. Dagane går mest med det til å ete gras, og det er vel det som er å seie om meg. Det er ikkje meir spennande enn det, seier Foxy.

Eg og tvillingsøstra mi, Samantha, har begge hatt utfordringar med namna våre, seier Foxy.
Mor: Olga (20051)
Far: Gunnarsen (40021)

Sauene og vêrane på Fjellet er fotogene, og tek seg godt ut på på både beitet og ein vegg.

Klikk på bilda for å sjå dei i større format og aktuelle variantar og storleikar.

Image link

Foxy ser seg rundt når ho er i skogen. (Foto: Håvar Fagerli)

I boka «Norske folkenamn med tydingar (1913)» står det dessverre ikkje oppført noko om namnet Foxy.
Image link

Foxy seier tydeleg ifrå når nokon kommenterer namnet hennar. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Foxy og Snøvfrid snøvar ned. (Foto: Håvar Fagerli)

Sau på veggen?

Dekorative veggbilde på fotopapir, lerret eller alumnium?

Sau i stolen?

Lune og langhåra lammeskinn frå gammalnorsk spælsau.

Relaterte innlegg