Hilda: – Sauebonden er berre eit fordyrande ledd

Hilda: – Sauebonden er berre eit fordyrande ledd

HILDA

60016

Kosinusdott

Fødd på garden, 23. april 2016

Hilda: – Vi må effektivisere drifta på garden, og kvitte oss med det svakaste leddet

Image link

Hilda vil effektivisere drifta på garden. (Foto: Håvar Fagerli)

Hilda er forkjempar for effektiv drift av garden. – Vi må kvitte oss med det svakaste leddet, altså sauebonden Fjellaren.

Hilda meiner at sauebonden på garden, Fjellaren, berre er eit fordyrande ledd.

Fjellaren heng ikkje med i den hektiske kvardagen som sauene legg opp til, seier Hilda.
Mor: Kosinus (20003)
Far: Gråvar (50024)

Den effektive søya meiner det hastar med å sette inn tiltak som fungerer.

– Det har vore prøvd fleire tiltak på garden til inga nytte.

Hilda er opppteken av innovasjon og effektiv produksjon med minst mogleg bruk av ressursar.

– Sauebonden er ein unødvendig kostnad som ikkje direkte tilfører noko i verdiskapinga på garden, seier Hilda til sauen.no.

Det har ikkje lukkast for sauen.no å få ein kommentar frå Fjellaren.

Image link

Hilda er ei søye som likar å gå front. (Foto: Håvar Fagerli)

I boka «Norske folkenamn med tydingar (1913)» står det at namnet Hilda tyder «skjoldmøyi; valkyrja»
Image link

Hilda er kritisk til sauebonden. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Hilda er kritisk til sauebonden. (Foto: Håvar Fagerli)

Sau på veggen?

Dekorative veggbilde på fotopapir, lerret eller alumnium?

Sau i stolen?

Lune og langhåra lammeskinn frå gammalnorsk spælsau.

Relaterte innlegg