Mari Didrikke – står på for å glede dei rundt seg

Mari Didrikke – står på for å glede dei rundt seg

MARI DIDRIKKE

00022

Oddveigdott

Fødd på garden 24. april 2020

Mari Didrikke: – Eg jobbar kvar dag for å glede andre

Image link

Mari Didrikke er ei hardtarbeidande kultursøye. (Foto: Håvar Fagerli)

Mari Didrikke er ein kulturarbeidarsau som kvar dag skal jobbar iherdig for å glede dei rundt seg. 

Mari Didrikke er dotter av tillitsau Oddveig, som innrømmer ho er veldig stolt av Mari Didrikke.

– Det er ikkje småtteri å vere kulturarbeidar. Ein skal ha stor arbeidskapasitet, vere kreativ og løysingsorientert, ha svært godt humør, sørvisinnstilt og levere tenester av høgste kvalitet, seier Oddveig.  Sjølv om tillitssauen er noko inhabil, så meiner ho at Mari Didrikke har alle desse eigenskapane.

Far: Adam (70004)

Sauen.no er kjent med at alle sauer er kulturarbeidarar i den forstand at dei jobbar iherdig for å ta vare på kulturlandskapet. Her kjem Fjellaren inn med ein kommentar.

-Men det å vere kulturarbeidar i denne flokken på Fjellet, inneber så uendeleg mykje meir. Skal ein flokk fungere optimalt, må flokken ha kulturelle opplevingar saman. Då må nokon planlegge og organisere dette. Ein kvar flokk treng ein som kan arbeide for å glede andre. Det er berre dei aller beste søyene som blir plukka ut til dette. Og Mari Didrikke er heilt spesiell, seier den elles ordknappe Fjellaren til sauen.no.

Ein kvar flokk treng ein som kan arbeide for å glede andre.
Image link

Mari Didrikke. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Mari Didrikke. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Mari Didrikke. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Mari Didrikke. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Mari Didrikke og resten av flokken på tur i høgda med Stadlandet og Stadhavet i bakgrunnen. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Mari Didrikke og eit av lamma hennar sommaren 2024. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Ei hardtarbeidande kultursøye må også ta seg tid til å slappe litt av. (Foto: Håvar Fagerli)

Sau på veggen?

Dekorative veggbilde på fotopapir, lerret eller alumnium?

Sau i stolen?

Lune og langhåra lammeskinn frå gammalnorsk spælsau.

Relaterte innlegg