Samantha: Meiner ho er for lite fotografert

Samantha: Meiner ho er for lite fotografert

SAMANTHA

70012

Olgadott

Fødd på garden, 30. april 2017

Samantha: Meiner ho er for lite fotografert

Image link

Samantha meiner ho får for lite spalteplass på sauen.no. (Foto: Håvar Fagerli)

Samantha er svært positiv til å stille opp når sauen.no sin fotograf vandrar over beitet, men meiner at ho får for få publiseringar.

Det toppa seg for den jurfagre søya då sauen.no gjekk høgt ut med at dei skulle lage ein julekalender, men det vart ikkje heilt slik Samantha hadde tenkt seg.

– Eg må seie at eg vart svært skuffa ovder det kjedelege konseptet som Fjellaren  då sysla med, seier Samantha.

Eg hadde gleda meg til posere i ein heilt annan type kalender, seier den jurfagre søya.

Samantha er litt meir frampå enn tvillingsøstera, Foxy, og hadde store planar om eit karrierehopp med å delta på sauen.no sin julekalender.

– Eg kjenner meg lurt og misbrukt av dei som står bak denne såkalla julekalenderen, seier Samantha til sauen.no.

Samantha drøymer om å bli kalendarsøye, men strevar med å få med seg resten av flokken på eit slikt prosjekt.

Mor: Olga (20051)
Far: Gunnarsen (40021)

Sauene og vêrane på Fjellet er fotogene, og tek seg godt ut på på både beitet og ein vegg.

Klikk på bilda for å sjå dei i større format og aktuelle variantar og storleikar.

Image link

Samantha er ikkje lett å forstå seg på. Ho meiner ho har for lite spalteplass på sauen.no, men når først fotografen er der gøymer hos eg bak ein stein. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Samantha gjer alt ho kan for å få eit bilde på trykk. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Samantha og dei to lamma hennar i 2024. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Samantha på fjelltur. (Foto: Håvar Fagerli)

Sau på veggen?

Dekorative veggbilde på fotopapir, lerret eller alumnium?

Sau i stolen?

Lune og langhåra lammeskinn frå gammalnorsk spælsau.

Relaterte innlegg