Sjølvaste: – Eg er ein veldig viktig sau

Sjølvaste: – Eg er ein veldig viktig sau

SJØLVASTE

10030

Hildurdott

Fødd på garden, 19. april 2021

Sjølvaste: – Eg er ein veldig viktig sau

Image link

Sjølvaste ser på seg sjølv som ein veldig viktig sau. (Foto: Håvar Fagerli)

– Eg er ein veldig viktig sau som ikkje flokken kan greie seg utan, seier søya som ber namnet Sjølvaste. 

 

Søya Sjølvaste meiner at flokken er heilt avhengig av ho, og ser på seg sjølv som ein VIS (Very Important Sheep, eller på norsk «veldig viktig sau» journ.anm.).

Som ein VIS går eg sjølvsagt først i alle køer og forsyner meg alltid først av matfatet når det er servering, seier søya Sjølvaste.
Mor: Hildur (60014)
Far: Larsen (70007)

– Men kvifor er du så mykje meir viktig enn dei andre sauene?

– Det har eg ikkje tenkt over, men eg er sikker på at dei vil ikkje greie seg utan meg, seier Sjølvaste.

– Sidan du ser på deg sjølv så viktig, kva er jobben din i flokken? Kvar gjer du og kva tilfører du til felleskapen?

– Det har eg vel svart på. Eg går først i alle køer og karrar til meg dei godene som er mogleg å få tak i, er svaret frå Sjølvaste.

Men det er ikkje alltid eg går først. Det hender at eg skubbar andre framfor meg. Spesielt om det handlar om kritikk eller negative tilbakemeldingar.

Sjølvaste er fødd 21. april 2021, og fekk ein barndom med puter sydd opp under alle fire beina. Foreldra Larsen og Hilda tek sjølvkritikk for det.

Image link

Sjølvste likar å posere for fotografen. (Foto: Håvar Fagerli)

Søya Sjølvaste har allereie fått skriftleg åtvaring om mogleg omplassering til ny flokk på grunn av dårleg køkultur. Det virkar ikkje som Sjølvaste bryr seg så mykje om det.

Her er det resten av flokken som har eit problem, ikkje eg, seier Sjølvaste.

Sauene på Fjellet er fotogene, og tek seg godt ut på på både beitet og ein vegg.

Klikk på bilda for å sjå dei i større format og aktuelle variantar og storleikar.

Image link

Sjølvaste oppsøkjer sauer med makt. Her er ho saman med tillitssauen Oddveig. (Foto: Håvar Fagerli).

Image link

Sjølvaste brukar blikket aktivt for å trenge seg fram. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Sjølvaste markerer revir for seg og sine. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Søya Sjølvaste har fått skriftleg åtvaring om mogleg omplassering til ny flokk på grunn av dårleg køkultur. (Foto: Håvar Fagerli).

Image link

Sjølvaste skrik ut når ho ikkje får det som ho vil. (Foto: Håvar Fagerli).

Sau på veggen?

Dekorative veggbilde på fotopapir, lerret eller alumnium?

Sau i stolen?

Lune og langhåra lammeskinn frå gammalnorsk spælsau.

Relaterte innlegg