Synna: – Her er nok å ta tak i

Synna: – Her er nok å ta tak i

SYNNA

10018

Seriannadott

Fødd på garden, 17. april 2016

Synna: – Som revysjef er det nok å ta av på denne garden

Image link

Synna likar spesielt godt friluftsteater i realistiske omgjevander. (Foto: Håvar Fagerli)

Søya Synna har rolla som revysjef i flokken: – Her er alltid rikeleg av materiale til nye nummer.

Synna er ein god instruktør og flink til å plukke ut dei rette kandidatane til dei ulike rollene, men det er ikkje alltid at alle har dei rette eigenskapane til å fylle rolla.

– Vi driv no og øver til det store julespelet. Eg vil spesielt trekke fram vêren Herman som tolkar rolla som Josef på glimrande vis.

Vi har eit kjempeproblem med Fjellaren. Det viser seg at han ikkje evnar å spele ein truverdig hyrding. Det er totalt mageplask og veldig pinleg, seier Synna.
Mor: Serianna (80007)
Far: Larsen (70007)

Fjellaren meiner at han gjer ein god figur, og tolkar rolla som hyrding ut frå dei fortutsetningane han har.

– Ja, nettopp, seier Synne, som er instruktør for julespelet.

Synna er fagleg dyktig teatersøye, og er ei søye som spreier mykje glede i flokken. Ho er fødd 17. april 2021, og er dotter av søya Serianna og vêren Larsen.

Sauene på Fjellet er fotogene, og tek seg godt ut på på både beitet og ein vegg.

Klikk på bilda for å sjå dei i større format og aktuelle variantar og storleikar.

Image link

Synna er også svært oppteken av gode kulisser. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Synna og hennar to små ein vårdag på Fjellet. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Her har snømaskina hengt seg opp. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Synna er kjent for god stemmebruk. (Foto: Håvar Fagerli)

Sau på veggen?

Dekorative veggbilde på fotopapir, lerret eller alumnium?

Sau i stolen?

Lune og langhåra lammeskinn frå gammalnorsk spælsau.

Relaterte innlegg