Frøydis: – Her må vi ha beredskap

Frøydis: – Her må vi ha beredskap

FRØYDIS

60005

Winterdott

Fødd på garden, 07. april 2016

Frøydis: – Med ein slik sauebonde treng vi ein sterk beredskap

Image link

Frøydis er beredskapssøye på Fjellet. (Foto: Håvar Fagerli)

– Fjellaren er ein sauebonde på lavt nivå, og vi veit aldri kva han kan finne på. Derfor har saueflokken vaktberedskap på garden 24/7, seier beredskapssøya Frøydis.

Ifølge Store norske leksikon er beredskap det å vere førebudd til innsats for å møte uventa kritiske situasjonar.

– Her på garden manglar ikkje det på kritiske situasjonar. Det kan vi takke Fjellaren for, seier Frøydis.

Frøydis er ei systematisk og framsynt søye som vart fødd 7. april 2016, og er dotter av Fru Winter og Bjarte. Ho har eit overordna ansvar for beredskapen i flokken på Fjellet.

Mor: Fru Winter (20036)
Far: Bjarte (40002)

Det er absolutt behov for ein god beredskap, og eit døme på det er då Fjellaren sytte for at fem granar og han sjølv fekk ei natt på sjukehus.

I boka «Norske folkenamn med tydingar (1913)» står det at namnet Frøydis tyder «hovdingen si skjoldmøy.»

Sauene på Fjellet er fotogene, og tek seg godt ut på på både beitet og ein vegg.

Klikk på bilda for å sjå dei i større format og aktuelle variantar og storleikar.

Image link

Ei god beredskapssøye kviler når ho kan. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Barndomsbilde av Frøydis. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Frøydis var eit spenstig lam. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Frøydis tek oppgåva som beredskapssøye på det høgste alvor. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Frøydis likar seg når det er litt trekk i lufta. (Foto: Håvar Fagerli)

Sau på veggen?

Dekorative veggbilde på fotopapir, lerret eller alumnium?

Sau i stolen?

Lune og langhåra lammeskinn frå gammalnorsk spælsau.

Relaterte innlegg