– Ein god lærepenge!

– Ein god lærepenge!

Ein god lærepenge!

Image link

Foto: Håvar Fagerli

Sauen.no har fått eit eksklusivt intervju med Fjellaren (Håvar Fagerli), der han fortel om bråtebrannen som kom ut av kontroll, og alle dei gode hjelparane som stilte opp då uhellet var ute.

Fjellaren har sett seg ned saman med oss, og ser opp mot den svarte stripa som har sett djupe spor i både beitet og i Fjellaren sjølv. Han seier at han er veldig glad for å vere tilbake på Fjellet saman med oss etter eit døgn på sjukehus i Førde. (Han har god grunn til å vere letta, for når nokon i saueflokken  reiser med Nortura-bilen til Førde brukar dei ikkje å kome attende, red.anm.)

Image link

Fjellaren er glad for å vere tilbake på Fjellet, og blir her intervjua av sauen.no sine utsende. (Foto: sauen.no)

– Fem personar, inkludert deg sjølv hamna på sjukehus som følgje av sløkking av ein brann du var skuld i. Kva seier du til det?

– Det er noko av det verste ein kan oppleve. At du er i skuld i at andre vert skadde. Eg er veldig lei meg for det som hende, og håpar inderleg at ingen av heltane rundt meg får varige mèn. Det vil eg aldri kunne tilgje meg sjølv, men heldigvis ser det ut som at det har gått bra med alle saman, seier Fjellaren  til sauen.no.

– Eg har full kontroll!

Det var onsdag 2. april 2014 Fjellaren starta arbeidet med å rydde eit beite som har lege brakk i eitt år. I løpet av det året var beitet blitt attgrodd, og var no mest berre tjukt, tørt, gammalt gras. For å enklare kunne setje opp eit nytt gjerde ville Fjellaren brenne bort noko av det gamle graset. Med brannriver, vatn og brenning av branngater, meinte Fjellaren at dette skulle han greie. Han hadde til og med lese om bråtebrenning på internett. Fjellarane kan vere sta, og ikkje alle på garden var like glad for at Fjellaren brann gras no når det var så tørt. – Eg har full kontroll. Dette kan eg, sa den stolte og sjølvgode Fjellaren. Berre sekund etterpå kunne heile verda, eller i alle fall nabolaget, sjå at her hadde Fjellaren tatt munnen for full.

Image link

Fjellaren er glad for å vere tilbake på Fjellet, og blir her intervjua av sauen.no sine utsende. (Foto: sauen.no)

– Eg kjende meg heile tida trygg. Eg hadde laga branngate bak meg, og brende mot den vesle trekken som var. Det hadde vore bortimot heilt stilt så langt, men brått kom ei vindkule farande over Fjellvatnet. Flammane vart kasta bak meg som prosjektil. Alt gjekk i sakte kino, og eg kan framleis sjå føre meg nøyaktig kvar flammane spreidde seg bak meg. På eitt sekund hadde eg ikkje lenger kontroll, så då måtte det handling til, fortel Fjellaren.

Gode grannar

Saudny, som er saueflokken sin representant i beitelaget, var sjølvsagt i nærleiken av Fjellaren sin operasjon for gjenopning av eit beiteområde.

– Det er vel og bra at Fjellaren vil lage gode beiteforhold til oss, men det får no vere måte på. Men når det er sagt, vart det no ei oppleving for oss sauene å sjå Fjellaren sveitte litt. Ja, det likte vi godt. Og det hadde han jammen berre godt av, humrar beitelagssauen.

Saudny fortel at Fjellaren ropte etter hjelp. Og hjelpa kom fort. Nede i vegen bur det ein musikar, og han var første som kom til staden. (Aldri har vi sauer sett ein musikar springe så fort, red.anm.)

Fjellaren ropte at musikaren skulle ringje til ferja for å samle folk og brannriver. Vidare skulle ein varsle brannvernet om at vi hadde ein bråtebrann som var komen ut av kontroll. Rett etter musikaren kom vertskapet ved Barmøy Gjestehus med ein bladfyk på slep. Dei sat midt i eit intervju, då dei vart kommandert ut på brannsløkking av musikaren. –Kva elende har Fjellaren no stelt i stand, tenkte vi, og la oss skamfulle ned i god avstand til brannen , fortel Saudny.

Etter kvart kom det fleire gode hjelparar på plass. Sløkkjehjelpa vart dirigert oppover for å prøve å sløkkje brannen før han nådde granfeltet. – Røykutviklinga auka til lenger opp brannen kom opp, og eg vart då svært uroa over at nokon skulle få problem på grunn av røyken. Eg bad då om at nokon ringde etter medisinsk hjelp. Rundt meg stod gode vener, i tjukk røyk med fare for eiga helse, og kjempa saman med meg for å sløkkje brannen, fortel Fjellaren. – Eg var omringa av heltar den dagen, og det er godt å vite at eg bur på ein stad der eg berre har heltar rundt meg kvar dag , seier Fjellaren til sauen.no.

Image link

Vi sauer er svært glad at vi har slike staute karar i nærleiken når vi har den sauebonden vi har. (Foto: Håvar Fagerli)

Selje brannvern

På ei høgd litt bortanfor hadde sauene samla seg, og sett i gong sin eigen kriseplan. Tillittsau Berta tok oppteljing av flokken, og kunne med stor lette sjå at bygdefolk og andre som var på øya denne dagen greidde å sløkkje brannen. Brannvernet i Selje kom til Fjellet med to bilar.

– Det var utruleg godt å få brannvernet til staden. Då kunne andre ta over ansvaret, og det var ei heilt fantastisk lette. At dei møtte meg med smil og omtanke, tykkjer eg var stort. Eg orsaka bryet eg hadde stelt i stand, men fekk berre godord tilbake frå utrykkingsleiaren, seier Fjellaren.

Brannvernet tok godt vare på dei som hadde vore mest eksponert av røyken. Oksygenflaska til Selje Brannvern gjekk på omgang blant brannsløkkjarane, og vi fekk vite at ambulanse var på veg over med ferja. Oppe i bakkane gjekk staute karar frå brannvernet over brannområdet med vatn for å ettersløkkje.

Mange heltar

– Eg har sagt at eg denne dagen møtte veldig mange heltar, og ein av dei var Barmøyferja AS og mannskapet der om bord. Ferja var dei som fekk varsla folk, og fekk sendt opp sløkkjehjelp med fleire brannriver. I tillegg køyrde dei i skytteltrafikk over sundet med både brannbilar og ambulanse. Barmøyferja AS får ikkje noko tilskot frå det offentlege for å vere i beredskap for å transportere utrykkingskøyrety. Likevel har dei ein frivilleg beredskap for å hjelpe oss som treng rask hjelp. Så eg er djupt takknemleg for den innsatsen Barmøyferja AS legg ned kvar dag, seier Fjellaren.

– Medan vi venta på ambulansen gjekk to gode vener, ein sauebondekollega og ein rørleggar, opp att mot brannområdet med ny vassleidning og rørleggarutstyr. Eg kunne over oksygenmaska sjå at den oppbrende vassforsyninga til brønnen vår vart reparert allereie før brannvernet trekte seg ut av området. Då kom tårene. For nokre fantastiske menneske eg har rundt meg, seier Fjellaren.

Image link

Vi sauer er svært glad at vi har slike staute karar i nærleiken når vi har den sauebonden vi har. (Foto: Håvar Fagerli)

Skadestad

Tunet nedanfor huset til Fjellaren vart ein liten skadeplass etter kvart som brannsløkkjarane trakk ned frå brannstaden. Til slutt var det fem personar som vart teken hand om av eit svært dyktig ambulanseteam frå Vågsøy. Ambulansepersonellet fekk fort kontroll over ein uoversiktleg situasjon, og lasta pasientane inn i ein ambulanse og ein privatbil. På fastlandet venta ambulansen frå Selje, og mot Nordfjordeid køyrde ei kolonne på to ambulansar og ein privatbil med eit grannelag frå Barmen.

– Eg forstod at ambulansepersonellet tok situasjonen alvorleg, då dei sette på blålysa i det eg vart litt sløv og tungpusta. I full fart kom vi til Nordfjordeid, fekk helse på ein kommunelege, før vi vart lagt inn på akuttmottaket på lokalsjukehuset. Eit fantastisk team tok i mot oss, og fekk tatt blodprøver og andre målingar, seier Fjellaren.

Image link

Fjellaren seier han er imponert over kor bra personellet i bil 46 handterte situasjonen – Eg kjenner meg trygg når eg veit kor flinke ambulansepersonellet er her i området, seier Fjellaren. (foto: Håvar Fagerli)

Fem innlagt på sjukehus

Tillitsau Berta seier til sauen.no at det er ikkje kvar dag ein sauebonde greier å få eit heilt grannelag innlagt på sjukehus. Men det greidde altså Fjellaren denne onsdagen. Fjellaren seier at han ser no kor viktig det er å ha sjukehus i nærleiken om ein treng akutt hjelp. Fire av sløkkjehjelpa til Fjellaren vart lagt inn på Nordfjordeid, medan Fjellaren vart sendt med Luftambulansen til Sentralsjukehuset.

Etter ei natt med behandling, prøver og overvaking viste det seg til all lukke at alle fem kunne få reise heim til Barmen neste dag. Med seg i bagasjen hadde dei mange positive opplevingar av eit velfungerande og godt helsevesen i alle ledd.

Fjellaren og gardskjerrnga er begge lærarar ved Selje skule då dei ikkje er saman med sauene. Tilfeldigvis var også ein annan lærar på garden under brannen, då alle tre hadde fri denne dagen. Då vart det sjølvsagt slengt ein kommentar eller to om at lærarar og fridagar kan vere ein farleg kombinasjon.

Blå papirdress

Dei fire som var stasjonert på Nordfjordeid reiste heime i dei røykfylte klea dei hadde på seg då dei kom. Fjellaren kom til Førde i berre underbuksa, og fekk utlevert ein blå papirdress til heimreisa.

– Eg er takksam for at eg fekk desse klea med meg, sjølv om eg vekte noko oppsikt når eg skulle inn på bussen ved Sentralsjukehuset og bad om rømlingrabatt til rutebilstasjonen i Førde. Eg tenkte at dette kunne vere ei fin straff for alt eg hadde stelt i stand, seier Fjellaren. På rutebilstasjonen var det skuleslutt for den vidaregåande skulen, og om lag hundre ungdommar stod og venta på bussane saman med blåkledd og stussleg sauebonde. – Er ikkje han lærar i Selje, sa ein av ungdommane og såg rart på Fjellaren. Men denne dagen var Fjellaren verkeleg bonde i byen.

Fjellaren er heldig med foreldra sine, og han fekk difor bilskyss heim til Barmen frå Sandane. Han fortel at han òg er svært godt fornøgd med svigerforeldra, og skal aldri meir gjere narr av Svigermora når ho åtvarar mot bruk av open eld. Vel heime har Fjellaren fått det heile litt på avstand, og har fått litt tid til å reflektere over det som har hendt.

– Tusen takk!

– Eg skammar meg over dei konsekvensane bråtebrannen medførte for mange menneske denne dagen. Difor har dette vore ein lærepenge som vil vere med meg resten av livet. Men det har vore ein god lærepenge, for eg opplevd så mykje medkjensle, trøst og hjelp frå menneske rundt meg. Ikkje ein einaste har sagt noko nedlatande og belærande til meg, og det tykkjer eg er stort av menneska rundt meg. Eg er djupt takksam ovanfor alle saman. Bygdefolk, vener, familie, Selje Brannvern, Ambulansen i Selje og Vågsøy, Barmøyferja AS, Luftambulansen, Nordfjord sjukehus og Sentralsjukehuset. Og ikkje minst er eg djupt takksam for at ingen ser ut til å få langvarige skader som følgje av mitt forsøk på litt beitepussing, seier Fjellaren.

Saudny i beitelaget seier til sauen.no at Fjellaren no har fått forbod mot bråtebrenning, og vil i framtida bruke beitepussar, motorsag og gravemaskin når han skal rydde nye beite. For ein ting er sikkert:

Fjellaren gjev aldri opp kampen mot attgroinga:

– Å halde oppe eit kulturlandskap med beitedyr er noko av det viktigaste brannverntiltaket vi har, avsluttar Fjellaren.

Relaterte innlegg