GJERTINE
Winterdott
Fødd på garden, 11. april 2018
Gjertine: – Vi hornlause sauer er også fine å sjå til
Gjertine meiner at også hornlause sauer tek seg godt ut på bilde. – Sau er så mykje meir enn berre horn på hovudet.
Gjertine er lei av det store fokuset på sauer med horn på sauen.no.
– Media badar i pengar frå staten i pressestøtte, og eg tenker at sauen.no ikkje er noko unntak. Då må vi forvente at sauen.no leverer ein balansert journalistikk der endå fleire hornlause søyer slepp til på denne nettstaden, seier den engasjerte og hornlause søya.
Gjertine meiner at ho sjølv er eit prakteksemplar av ein sau, heilt utan horn. (Sauen.no gjer merksam på at det er Gjertine sjølv som har plukka ut hovudbildet til denne artikkelen. Red. anm.).
Gjertine meiner at ho sjølv er eit prakteksemplar av ein sau, heilt utan horn. (Sauen.no gjer merksam på at det er Gjertine sjølv som har plukka ut hovudbildet til denne artikkelen. Red. anm.).
– Mitt store forbilde, Brunetta, har gjort det stort som hornlaus søye. Brunetta har både vore ein nasjonal trendsettar for sauefrisyre og vore på norgesturne bak på ei campingvogn:
Sauene på Fjellet er fotogene, både med og utan horn, og tek seg godt ut på på både beitet og ein vegg.
Klikk på bilda for å sjå dei i større format og aktuelle variantar og storleikar.