Kompenserer med koronasveis

Kompenserer med koronasveis

Kompenserer med koronasveis

Image link

Brunetta er stolt av luggen sin. Foto: Håvar Fagerli

Brunetta er frå naturen si side noko magert utstyrt med horn. Dette tek ho att med ein relativt lang lugg og aktuell koronasveis . 

Brunetta tykkjer sjølv at ho kler godt den lange luggen, og ber om å bli fotografert frå fleire vinklar. Sauen.no etterkjem dette ynsket frå den hornlause sauen, og publisererer difor også eit fotografi av Brunetta i profil:

Image link

Brunetta i profil. (Foto: Håvar Fagerli)

Brunetta: Eg er ein trendsettar!

Brunetta fortel til sauen.no at ho har fått stadfesta nokre tankar ho har om seg sjølv når ho no registrerer at gardsfolket har kasta seg på same hårsveis som ho sjølv. – Eg har alltid høyrt at eg er ein trendsettar, seier den lodne sauen.

Sauen.no kan i tillegg melde at det kan sjå ut som tobeinte rundt om i heile verda har kasta seg på Brunetta sin stil. – Til og med styresmaktene har lagt til rette for hårsamlarar med å innføre nye lover og reglar. Dette er heilt fantastisk,og blir på folkemunnet kalla for koronasveis. Til og med statsrådar har kasta seg på denne motebølgja som eg har starta, sier den ullfagre sauen.

Lovfesta luggvern

Brunetta meiner at forbodet mot å fjerne hår også burde omfatte forbod mot å klippe ull.

– Ja, her har styresmaktene gløymt ei viktig gruppe som blir skamklipte under tvang, seier Brunetta, som no kastar lett på hovudet slik at luggen legg seg fint ut til sida. – Nokre av oss tykkjer nok at det er heilt greitt å få letta litt på ullfellen, men kvifor må dei også skamfare luggen, undrar Brunetta.

– Luggen var det som heldt meg oppe.

Brunetta fortel om ein tøff barndom, då alle venene etter kvart starta å utvikle horn. Luggen har vore Brunetta sin store trøyst i eit vanskeleg liv.

(Sauen.no vel å ikkje skrive meir om oppveksten til denne sauen då det fort kan bli litt for sentimentalt. Livet er brutalt, seier vi til Brunetta då vi må avbryte ho. Vi kunne også sagt at det finnast dei som har det verre. Til dømes sauen med det ironiske namnet «Horni». Red.anm) 

Relaterte innlegg