Beitet ved Fjellvatnet. Foto: Håvar Fagerli
Sauen.no held til på garden Fjellet på øya Barmen. Her ved Fjellvatnet, med flott utsikt og mykje sol, trivast både sau og folk.
I papira til kartverket heiter garden Myklebust, men vi meiner at namnet Fjellet er eit betre namn på garden. På folkmunne heiter garden Fjellet, og dei som bur her vert kalla for fjellarar. Difor kallarsauebonden seg for Fjellaren.
Det hender at Fjellaren flyg litt med drona si, og nedanfor kan de sjå Fjellet i ulike årstider.
– Vi gjer merksam på at ikkje alle opplysningane i filmen frå 2016 stemmer i dag. seier Haldis. (Foto: Håvar Fagerli)
Her er ein dronefilm frå ein fin haustdag på Fjellet:
Kontorutsikta til Fjellaren ser slik ut:
Slik ser det ut på Fjellet om vinteren:
Sauen.no held til på øya Barmen i Selje kommune. Ei levande øy, med kreative og engasjerte menneske og sauer.
De finn meir om Barmen på barmen.no
Under ser de ein liten videosnutt om dronefilming der alt er filma på Barmen:
Ikkje alle veit kor stor øya er. For å få eit lite innblikk i det kan de sjå dronevideoen frå det høgste punktet på Barmen. Fjellet Skjolden (545 m.o.h.)