– Ei grei ferieordning

– Ei grei ferieordning

Ei grei ferieordning

Image link

Det er ikkje hentesveis, men medvind, påpeikar Erna. (Foto: Håvar Fagerli)

Nokre av sauene på Fjellet vart leie av vinter, og med Erna i spissen ordna dei vinterferie med varmegrader.

– Sidan vi går ute heile året tenkte vi at det var på tide med ein vinterferie i litt varmare strok, seier ei godt nøgd Erna.

Erna: Det er ikkje hentesveis, men medvind.

Planen var at heile flokken skulle reise på ei gruppereise med lokalt reisebyrå, men det aktuelle reisebyrået avslutta samarbeidet då dei møtte ein representant frå flokken. Vidare vart draumen om dagar i tosifra plussgrader lagt i grus av ein sidrumpa sauebonde og restriksjoner frå styresmaktene. Men saueflokken gav ikkje opp så lett.

Frøydis: I staden for å reise til Syden-lufta fekk vi Syden-lufta opp her til oss.
Image link

Ei  nøgd Frøydis. (Foto: Håvar Fagerli)

Korleis saueflokken greidde dette, vil ikkje Frøydis avsløre.

– Vi let oss ikkje stoppe så lett, seier den løysingsorienterte søya. På beitet syner termometeret 12 grader, og varme fønvindar bles godt i ulla.

Image link

– Herleg, seier dei tre, som likar seg på kortreist sauetur. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Larsen likar godt angen av varme og søye. (Foto: Håvar Fagerli)

Relaterte innlegg