Skulda for krenkande framferd

Skulda for krenkande framferd

Sauebonden er skulda for krenkande framferd

Image link

Bjarte. Foto: Håvar Fagerli

 – At Fjellaren fotograferer oss utan ull er langt over grensa, seier Bjarte, nyfrisert vêr som ser alvorleg på at Fjellaren kryp i buskene med kamera rett etter klipping.

Ein gong i året får både søyer og vêrar ei etterlengta behandling av den røynde og gode klipparen, Pål K. Støylen. Bjarte seier til sauen.no at han er svært godt nøgd med den profesjonelle klipparen, og at det er ei stor lette å få av den tunge ullfellen.

Bjarte: -At Fjellaren fotograferer oss utan ull er langt over grensa

– Det som er svært beklageleg er det som skjer etter at vi har fått ei behageleg overhaling med klippemaskina til Støylen. Då står Fjellaren nemeleg klar med telelinsa og zoomar inn på svært private detaljar, seier den litt flaue vêren, som akkurat greidde å gøyme seg bak ein kollega då den fotograferande sauebonden herja på beitet.

Sauen.no har fått tilgang til nokre av bilda som Fjellaren knipsa under den store klippedagen 2016 på Fjellet. Vi gjer merksam på at fleire av bilda var så drøye at vi dessverre ikkje kan publisere dei, men her er i alle fall eit utval av dei som er innanfor:

Image link

Fleire av søyene heldt låg profil då det ryktast at det var fotografar i området. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Desse vêrlamma reagerte slik då dei fekk auge på Fjellaren som jakta med telelinse på mor deira. (Foto: Håvar Fagerli)

Denne stakkars søya vil for alltid ligge ute internett, heilt utan ull.
Image link

Denne stakkars søya vil for alltid ligge ute på internett, heilt utan ull. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Tillitssauen Haldis (t.v.) fekk ein travel dag. Her er det søya Klara som klagar på fotograferinga til Fjellaren. Dottera til Haldis held vakt, men fotografen greidde her å kome inn frå ein annan vinkel. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Tillitssauen viser her kva ho tykkjer om Fjellaren. (Foto: Håvar Fagerli)

Medan nokon gøymer seg i buskene, likar andre å vise kva ein har å by på.
Image link

Medan andre gøymer seg i buskene, likar vêren Gråvar å vise omverda kva han har å by på. (Foto: Håvar Fagerli)

Relaterte innlegg