– Våren er på veg!

– Våren er på veg!

– Våren er på veg!

Image link

Foto: Håvar Fagerli

– Vi har framleis tru på at våren er rett rundt hjørnet, seier Samantha (optimistisk og relativt våryr sau). 2. april 2018 låg det kvitt på Fjellet, det var tele i marka og Fjellvatnet var islagt.

Ikkje alle søyer i flokken på Fjellet er like optimistiske som Samantha. Nokre søyer klagar over at det er litt lite tilvekst i marka, og at dei no er litt leie av tørrhøy. Det er også søyer som klagar på at det er litt stritt å sjå når det både er sol og kvit snø på bakken. Til og med Fjellaren heng litt med hovudet, og lurer på kvar våren vert av.

-Sytepavar, seier Samantha. Her er verken snøras eller stengde vegar. Nei, dette er berre flott. Og brått er våren her, og då klagar vel Fjellaren på at graset veks for fort. Nokon er aldri fornøgde, avsluttar Samantha.

Image link

Foto: Håvar Fagerli

Relaterte innlegg