– Sibirkulda bit ikkje på oss

– Sibirkulda bit ikkje på oss

Sibirkulda bit ikkje oss

Image link

Kulda bit ikkje på Agnes. Foto: Håvar Fagerli

Agnes har vore ute ei vinternatt før, og grin ikkje på nasa av litt sibirkulde. Men Fjellaren vert litt meir uroa, når han høyrer kva meteorolog Stig-Arild Fagerli ved StormGeo seier.

Sauene på Fjellet er av rasen gammalnorsk spælsau, og går ute året rundt. Det gjer dei  også når gradestokken viser 8-10 minusgrader her ute ved Stadhavet. Dette er temperaturar som er langt under det som er normalt.

Som dei fleste andre mediehus i Sør-Norge driv også vi undersøkjande journalistikk om korleis ein får kvardagen til å gå rundt når det er så kaldt. Så då spør vi like godt ein representant frå saueflokken på Fjellet:

Korleis opplever du denne kulda?

-Sidan eg har ull og ein kropp som regulerer seg godt etter omgjevnadane, så kan eg svare; forfriskande, seier Agnes.

Agnes legg til at dette kalde, men tørre vêret, i grunnen er ideelt for gammalnorsk spælsau. Alle sauene på Fjellet har høve til å gå innandørs om dei vil, men likar seg mykje betre ute. Vi har sol, lite vind, ligg tørt og har godt med fôr.

-Men det er nok litt meir stressande for sauebonden som er ansvarleg for at vi har tilgang til friskt vatn, ler Agnes.

Kritisk for vasstilføringa

Så då går vi litt lenger opp i bakkane, og spør Fjellaren. Korleis opplever du denne kulda?

– Kaldt, og litt utfordrande. Sidan vi har hatt så tørt vêr, og det vesle vatnet som renn gjennom beitet fort kan fryse, så blir det litt jobb for å sikre at sauene har tilgang til vatn. I tillegg har vi privat vassforsyning som er utsett for frost når temperaturen ligg under minus sju, seier Fjellaren medan han går over vassleidningane. 

Fjellaren nyttar klipte ullfellar til å legge rundt leidningar og koplingar.

– Ullfellar frå gammalnorsk spælsau er det beste å bruke for å halde kulden ute. Det  isolerer godt sidan det er luftrom i fibrane. I tillegg er fellane naturleg impregnert, seier sauebonden.

Om nokon treng klipte ullfellar til isolasjon, kan ein få dei gratis med å hente dei på Fjellet, seier Fjellaren. (Her kan de lese meir om klippinga sommaren 2017)

Relaterte innlegg