Sauene pustar letta ut – Fjellaren avslører planane for framtida

Sauene pustar letta ut – Fjellaren avslører planane for framtida

Sauene pustar letta ut Fjellaren blir ikkje sauebonde fulltid

Image link

Fjellaren, Håvar Fagerli, blir heldigvis ikkje sauebonde på fulltid. Foto: Ellen Synnøve Fagerli

Det har vore ei uro i saueflokken på Fjellet etter at det vart kjent at Fjellaren ikkje lenger skulle jobbe som bladstyrar i lokalavisa.

– Det har gått rykte om at Fjellaren skulle bli sauebonde på fulltid, og berre tanken på det har skapt mykje uro og misnøye i saueflokken, seier tillitsau Oddveig til sauen.no.

Fjellaren har no starta opp Fjellar AS, og sauene på Fjellet pustar letta ut.

– Det vart spontan jubel og relativt store gledesscener på beitet då vi forstod at han skulle sysle med noko anna enn sau, avslører tillitssauen.

Image link

Tillitssauen er glad for at Fjellaren ikkje blir sauebonde på fulltid. (Foto: Håvar Fagerli)

Det vart spontan jubel vi forstod at Fjellaren skulle sysle med noko anna enn sau.

Fjellaren var ikkje vanskeleg å få i snakk når han no har starta opp eit eige føretak. Sauen.no vil først som sist legge seg flat og beklage at vi her opptrer som mikrofonstativ for Fjellaren. Sauen.no ser på dette som brutal marknadsføring frå Fjellaren, men som ein takk for at han ikkje blir sauebonde på fulltid slepp vi han til her.

Fjellaren fortel at han har fått ein del spørsmål om kva han skulle til med etter at han sa opp stillinga som dagleg leiar og ansvarleg redaktør i Fjordenes Tidende.

– Eg held fram med å vere sauebonde på like lavt nivå som tidlegare. Eg er glad i sauene, og eg har stor respekt for dei som er sauebonde på eit god del høgre nivå enn meg. Men planen er altså ikkje å bli sauebonde på fulltid. Det unner eg ikkje sauene, smiler Fjellaren, som altså viser eit lite snev av sjølvinnsikt her.

Image link

Slik ser det ut når ein sauebonde på lavt nivå aksjonerer for betre kår i landbruksnæringa (Foto: sauen.no).

– Men kva skal du sysle med?

– Eg har etablert Fjellar AS, og målet er å få jobbe mest mogleg med det. Eg vil ut og hjelpe til med kommunikasjon og leiing. Eg tenker då på organisasjonar i både privat og offentleg sektor. I dei 25 åra eg har hatt i arbeidslivet har eg alltid kjent på ei stor glede av å hjelpe menneska rundt meg vidare.

– Korleis skal du gjere det då?

– Eg har som leiar brukt mykje rettleiing som leiingsverktøy. I kombinasjon med pedagogikk, og tydeleg kommunikasjon har eg funne ei oppskrift som eg meiner har fungert bra der eg har vore.

Vi kan ikkje anna enn å håpe at Fjellaren lukkast, og ønskjer han lukke til.

– Saueflokken ber til høgare makter om at Fjellar AS får godt med arbeid. Til fleire oppdrag han får, til mindre vil vi sjå han her på beitet. Det vil vere ein vinn-vinn situasjon for oss alle, seier tillitssau Oddveig til sauen.no.

Til fleire oppdrag Fjellaren får, til mindre vil vi sjå han her beitet. Det vil vere ein vinn-vinn situasjon for oss alle!
Relaterte innlegg