Førstegongsmødrene Sigrund og Berghild. Foto: Håvar Fagerli
Dei to fjorlamma og nybakte mødrene, Sigrund og Berghild, meiner dei har fått for lite informasjon om konsekvensane av møtet med vêren Adam i november.
Då dei to unge mødrene skulle fotograferast var det tydeleg at dei hadde fått lite søvn dei siste døgna. Det måtte takast fleire bilete, slik at sauen.no til slutt kunne få eit fotografi der dei begge greidde å halde oppe auga samstundes.
– Det er flott å bli mor, men vi er skuffa at vi ikkje er komne lenger med tanke på likestilling og felles foreldreansvar. Faren har vore heilt fråværande så langt, men det som skuffar oss aller mest er sjølvsagt Fjellaren, seier Sigrund og Berghild.
Lamma gjer sitt til at det blir lange dagar for dei unge søyene. (Foto: Håvar Fagerli)