Gammalnorsk spælsau er framtida!

Gammalnorsk spælsau er framtida!

Gammalnorsk spælsau er framtida!

Image link

Serianna. Foto: Håvar Fagerli

Primæroppgåva til alle artar er formeiring, slik er det også med oss. Vi brettar oss difor ut på denne nettstaden, for at de kan bli frista til å starte opp med denne fantastiske sauerasen. Vi vert veldig glade om vi får spre genene våre til andre gardar.

No likar ikkje vi å skryte så mykje av sjølve, og vi vil difor overlate tastaturet til sauebonden Fjellaren:

(Sauegarden på Fjellet): – Det var i starten ikkje planen at eg skulle bli eigar av ein flokk Gammalnorsk spælsau, men heldigvis gjorde fleire samantreff til at eg i dag satsar for fullt som sauebonde med denne fantastiske sauerasen på øya Barmen i Nordfjord, seier sauebonde Håvar Fagerli.

Image link

Børre Godevêr. Foto: Håvar Fagerli

Etter kvart som eg har blitt betre kjent med dei individa eg har på garden, blir eg berre meir og meir imponert over dei gode eigenskapane til Gammalnorsk spælsau. Sjølv er eg vasken opp med Norsk kvit sau på kvar ein gard, og trudde at dette var sauerasen eg skulle satse på. Heldigvis gjekk det ikkje slik.

Mange fordelar

Etter tre år saman med Berta, Fru Sauterne, Fjellrose og dei andre sauene mine, ser eg denne sauerasen har fleire gode og viktige eigenskapar. Eg kan her nemne at Gammalnorsk spælsau:
* er ein godlynt rase.
* er ein sauerase som er lett å få med seg på «tur».
* har utprega gode morsinstinkt
* lammar lett, og mest utan hjelp.
* har god mjølkeproduksjon.
* er flotte å sjå til, der kvar sau har sin spesielle utsjånad.
* kjem i fleire fargar
* er lynande intelligent (då tenkjer eg ikkje berre på at dei har eigne nettsider).
* hardfør rase som er lite utsett for sjukdommar.
* nøysam rase – gode beitedyr.
* held nede alle vekstar under ein meter.
* er lettbeint og rask, tek seg godt fram i bratt og ulendt terreng.
* kan brukast i alle driftsformer (utegang, varm fjøs eller kald fjøs.

Image link

Oddveig Kosinusdott. Foto: Håvar Fagerli

Mange gleder

Ein blir glad av å ha så flotte dyr rundt seg.

Det er den beste måten å vedlikehalde kulturlandskapet på.

Ein er med å kjempe mot gjengroinga. Då må ein ha i bakhovudet at gjengroing fører til redusert beitekvalitet, redusert framkome for menneske og dyr, tap av biologisk mangfald, tap av kulturminne og opplevingsverdi og at landskapet blir brannfarleg.

Ein får mindre flått i områda der sauene beitar.

Ein får godt samvit når ein tek vare på kulturlandskapet som forfedrane har slite for før vår tid.

Ein får eit fantastisk mørt og velsmakande kjøt med lite feittinnhald.

Ein får fin og mjuk botnull og lang sterk dekkull i lange lokkar ulike fargar, som eigna seg godt til huslflid.

Ein får mange flotte naturopplevingar saman med fantastiske dyr.

Og  ein kan faktisk tene nokre kroner på produkt som kjøt, skinn, horn med meir. Her er det berre å vere kreativ.

Image link

Hillary er ei god mor. Foto: Håvar Fagerli

Så vil eg sitere kollega Agnete Kristoffersen som fortel korleis vi som driv med Gammalnorsk spælsau ser på dyra våre:

DE ER VAKRE Å SE PÅ MED SINE UTALLIGE FARGER OG HORN, OG GJØR RETT OG SLETT LANDSKAPET VAKRERE

Meir om gammalnorsk spælsau

Eg håpar fleire får opp auga for denne fantastiske sauerasen. For meir informasjon:

Landslaget for gammalnorsk spælsau

Livdyr frå sauen.no

Gammalnorsk spælsau på Facebook 

Fjellet, 17.09.2012
Håvar Fagerli / Fjellaren
-Sauebonde-

Relaterte innlegg