Ein merkedag for saueflokken på Fjellet

Ein merkedag for saueflokken på Fjellet

Ein merkedag for saueflokken Fjellet

Image link

Foto: Håvar Fagerli

(Førde/Nordfjordeid/Barmen): Laurdag 29. september 2012 var ein stor dag for både firbeinte og tobeinte på Fjellet. 15 nye søyelam og eitt vêrlam melde overgang frå Odd Wie Schei, Førde, til flokken vår på Barmen. – Ein fantastisk dag, og veldig trivlege sauer, seier tillitssau Berta, og legg til at ho òg var særs nøgd med det eine maskuline innslaget.

Føreord: I denne reportasjen fann sauen.no det lite passande å kalle Sauebonden for Sauebonden, då vi i løpet av denne dagen møtte nokre skikkelege sauebønder. Sauebonden går difor under meir passelege namnet Lærlingen i denne reportasjen. Med seg til Førde hadde han med seg ein erfaren sauebonde frå Barmen, som òg er mentor for Lærlingen. I denne reportasjen kallar vi han for Mentoren. I tillegg var det med ein flink hjelpekar, som har ein god del erfaring frå handtering av sauer.

Laurdag morgon klokka 09.10 køyrde to staselege gardsbilar ut av Barmøyferja, og sette kursen mot Førde. Om bord i bilane var Mentoren, Lærlingen og Hjelpekaren. Turen gjekk først til Lote, der dei tok ferja over til Anda. Utstyrt i passande T-skjorter med reklame for nettstaden vår, gjorde dei eit godt inntrykk på kioskdama på ferja.

Haustsola kjempa seg fram, og skyene måtte trekkje seg tilbake. Bygdene rundt den fagre Gloppefjorden strålte i haustfargar, og stemninga i bilane var heilt på topp. Jølstravatnet var like langt som tidlegare, og etter ein god biltur gjennom Moskog møtte vi Odd Wie Schei ved Bru.

Image link

Saueoppdrettar Odd Wie Schei (t.v.) og mentor Torbjørn Solvåg i godt sauesnakk. (Foto: Håvar Fagerli)

Odd Wie Schei er ein kjend og høgt respektert person innanfor sauehald, og då spesielt med tanke på avl av Gammalnorsk spælsau. Seminvêr nummer 1 for Gammalnorsk spælsau  2012 kjem frå bestetninga til Odd Wie Schei. Denne vêren heiter Nesen, og Landslaget for gammalnorsk spælsau skriv følgjande på sine nettsider: ”Laget anbefaler å ta Nesen inn til semin fordi han kommer fra en god avlsbesetning med bruk av mange værer og stort mangfold.” Odd Wie Schei har i tillegg erfaring frå avslarbeid med hest og pelsdyr, og har difor brei kunnskap om avl. Sauen.no sin utsende fann fort ut at her var det snakk om ein skikkeleg sauebonde, og dette er grunnen for at vår sauebonde blir her titulert som Lærlingen. Lærlingen seier til sauen.no at han har stor respekt for det arbeidet som Odd Wie Schei har lagt ned for Gammalnorsk spælsau, og at han er svært glad for at han får kjøpe livdyr frå ei så god besetning med svært gode eigenskapar og flott eksteriør.

Sauen.no kan her legge til at vi alle i saueflokken på Fjellet opphavleg stammar frå besetninga til Odd Wie Schei, men sidan flokken til Schei har så stort mangfald og fokus på avl, er ingen i slekt.

Image link

Odd Wie Schei brukar ei gymfløyte når han skal samle saueflokken sin. Meir kustus der enn i gymtimane, får vi opplyst frå sikre kjelder. (Foto: Håvar Fagerli)

På Bru vart vi tekne imot av ein triveleg og smilande kar. Praten om sau kom fort i gang, og vi kunne merke at Lærlingen konsentrerte seg for å få med seg så mange gode råd og tips som mogleg. Grunnen til stoppen på Bru var at Odd Wie Schei hadde nokre av vêrane sine der. No må lesaren hugse at denne reportasjen er skriven av sauen Solsikke, og det er difor naturleg at reporteren følgde meir med på vêrane enn praten mellom sauefolket. Men vêrane var no veldig flotte, då. Og ein av dei vart med oss heim.

Odd Wie Schei viste seg å vere ein allsidig person. Ved vêrbeitet attmed E-39 fann den kreative sauebonden fram eitt horn, ei beinpipe og så var det duka for konsert. – Nokre spelar på saksofon, medan eg spelar på ”sauofon”, lo Odd Wie Schei, og hausta god respons frå dei tre sauekarane frå kysten. Etter konserten gjekk turen mot Vie, der søyelamma venta på oss.

Image link

Odd Wie Schei har her samla nokre av sauene sine for å plukke ut gode livdyr. (Foto: Håvar Fagerli)

Sauen.no såg med ein gong at her var det orden i sakene. Flotte og staselege sauer og lam var samla i ei innhenging, og Odd Wie Schei hadde på førehand planlagt kva slags søyelam som skulle vere med til Barmen. Her vart lamma plukka ut slik at færrast mogleg var i slekt. – Dette gjer at vi med tida kanskje greier å vere sjølvforsynte med avlsvêrar til ein kringavl på Barmen, seier Lærlingen til sauen.no.

Image link

Odd Wie Schei har ei god historie å fortelje om kvar einaste sau i flokken. (Foto: Håvar Fagerli)

Med på lasset fekk vi ein tøff vêr som skulle leverast til ein sauebonde på Eid. Dette gjorde at vi vart noko forsinka til ferja til Barmen. Men Barmøyferja er som kjent serviceinnstilt og kom tilbake og henta oss. Sauen.no vil her takke Barmøyferja for svært god service. Vel heime på Fjellet vart sjåførane møtte med jubelrop og champagne, medan dei nye sauene vart ynskt velkomen med friskt håbeite.

Image link

«Velkomen til gards, saue! Sauder er best…og hest, skreiv dei to gardsjentene på vegen nedanfor sauegarden på Fjellet. (Foto: Frode Fagerli)

For å henge med i påfølgjande historie, kan det vere ei føremon å sjå på kartet over sauegarden. – Planen var at dei nye søyelamma skulle gå på Felt 1, dei nye vêrane på Felt 7 og vi gamlesauene på Felt 2. Dette tykte vi var ein dårleg måte å ta imot nye flokkmedlemmar på. Dette var eit prov på at det er skilnad på sauebonde og lærling, seier tillitssau Berta til sauen.no. Sjølvsagt ville dei nye søyelamma vere saman med dei andre sauene på garden. No skulle det bli velkomstfest.

– Eg er imponert over spensten til dei nye søyelamma. Ingen har tidlegare hoppa over dette gjerdet, sa Lærlingen etter at alle dei 15 søyelamma elegant hoppa over gjerdet, og gjekk samla opp mot gamlesauene. Nokre av søyelamma frå Sunnfjord tykte at vêrane såg ut til å vere meir spanande, og gjekk den vegen. I tillegg var det nokre få som fann ut at ein kunne ha eit lite vorspiel i hekken til Lærlingen. Men då kom både svigermødre, bestemødre, fedre, tanter og Lærlingen springande ut frå våningshuset , og ville vere med på festen i hekken. Etter ei stor omorganisering var alle sauer, lam og vêrar samla i Felt 7. Fullmånen lyste over Fjellet denne natta, og det blir fortalt at velkomstfesten heldt på heilt til sola stod opp neste dag.

Image link

Dei 15 sunnfjordingane har med seg nye og flotte fargar til Barmen. (Foto: Håvar Fagerli)

Sauen.no ynskjer dei 15 søyelamma og vêren velkomne til flokken vår på Fjellet. Vi er i skrivande stund 36 hodyr og to vêrar, og satsar på å bli endå fleire i 2013.

Relaterte innlegg