Godt nøgd med nytt beite

Godt nøgd med nytt beite

Godt nøgd med nytt beite

Image link

Foto: Håvar Fagerli

Vêrlammet 30002 (fødd 25.03.13) har berre godord å seie om det nye beitet på Fjellet. Laurdag opna Fjellaren opp 26 dekar med nytt innmarksbeite.

Det var høgtidleg innmarsj i det nye beitet. Tillitssau Berta gjekk sjølvsagt i front, men hakk i hel kom sonen 30002. Fleire av dei frammøtte merka seg at det unge vêrlammet, som berre er vel fire månader, allereie har starta med representasjonsoppgåver.

Til sauen.no seier 30002 at beitet er passe stort, men at saueflokken treng ein heil del tid til beiting for at området igjen skal bli skikkeleg kulturbeite.

30002 seier til sauen.no at det er bra at Fjellaren har opna opp eit nytt beite, men tykkjer at sauebonden har gjort litt svakt arbeid med gjerdet.

– Kva trur han om oss når han ikkje set opp toppstreng. Trur han ikkje at vi har noko spenst?, spør det freidige vêrlammet.

Fjellaren seier til sauen.no at ordninga med beiting på nye område er basert mykje på tillit mellom sauebonde og sau.

– Toppstrengen kjem opp, men vi valde å opne beitet så fort som råd, slik at sauene kunne starte beitinga av dette flotte terrenget då det endå er litt næring i graset. Eg håpar at 30002 og resten av gjengen held seg på området som er avtalt, sjølv om toppstrengen manglar, seier Fjellaren.

Image link

Slik som det ser ut no er det vanskeleg å sjå kva som er innmark og utmark. Sauen.no får opplyst at området til venstre for gjerdet er innmark, og området til høgre er utmark. (Foto: Håvar Fagerli)

Det nye beitet på 26 dekar har alle fasilitetar som sauene har stilt krav om gjennom sitt tillitssauapparat. Beitet har eit rikt utval på planter og urter. Det er stor artsrikdom. Beitet har òg stort utval av rogn og lønn, noko som er godt fôr i tillegg til vanleg gras. I tillegg har Fjellaren sytt for tak over hovudet om regnbyene blir for kraftige. Det er òg innlagt rennande vatn i beitet.

Image link

Slik som det ser ut no er det vanskeleg å sjå kva som er innmark og utmark. Sauen.no får opplyst at området til venstre for gjerdet er innmark, og området til høgre er utmark. (Foto: Håvar Fagerli)

Fjellaren seier at det har gått mykje tid til å setje i stand beitet, men at det er vel verdt det når han får så gode tilbakemeldingar som han har fått frå vêrlammet 30002 i dag.

–  Kva skal Fjellaren gjere no, undrar vi?

 – Ja, kva brukar ein å gjere når ein har avslutta eit slikt prosjekt?, spør Fjellaren tilbake.

Relaterte innlegg