Haldis er den nye tillitssauen

Haldis er den nye tillitssauen

Haldis er den nye tillitssauen

Image link

Haldis. Foto: Håvar Fagerli

Søndag 28. juni vi alltid stå som ein merkedag for saueflokken. Haldis vart  vald som tillitssau, og ungsauen (14 mnd.) vert den yngste tillitssauen gjennom tidene.

Saueflokken har vore utan tillitssau i fleire månader, men i dag er altså  tillitssauen endeleg på plass. Det har vore månader med unntakstilstand  etter at førre tillitssau, Berta, brått og uventa gjekk av hausten 2014. Berta valde å reise på bytur saman med ein gjeng vêrlam i fjor haust, og sidan då har ingen sett den gamle tillitssauen eller ungkarane i reisefølgjet. Sidan den gong har fleire av søyene stilt sitt kandidatur til vervet som tillitsau. Til slutt vart det det den vel eitt år gamle søya som framover skal kjempe for rettane til søyene og forhandle med Fjellaren.

Haldis seier til sauen.no at alle skeptikarar ikkje treng å uroe seg for manglande erfaring.

– Eg har levd eitt år på sauegarden, og det meste går vel i ring her. Har du opplevd eitt år på ein sauegard har ein vel vore gjennom det meste, seier den den unge og offensive tillitssauen.

Korleis vil ein merke at det er komen ny tillittsau på garden?

– Eg vil ikkje seie noko om dette no. Vi ynskjer ikkje å avsløre nokre taktiske grep på noverande tidspunkt, sidan vi snart skal i forhandlingar med Fjellaren, seier ein ordknapp tillitsau.

Mor til Haldis, Saudny, har i det siste hatt oppgåve som liason (kontaktsau) ovanfor Svigermora og andre grannar til sauebeitet. I følgje sikre kjelder har Haldis arva det diplomatiske talentet til Saudny.

Image link

Hjurdis, motkandidat. (Foto: Håvar Fagerli)

Under valet 28. juni 2015 stod det mellom Haldis og rivalen Hjurdis. Det møtte 37 røysteføre søyer, i tillegg til to førehandsrøyster frå vêrane som for tida er på sommarbeite.

Solsikke var ordstyrar under valet, og kunne avsløre at teljekorpset hadde kome fram til at det stod heilt likt mellom dei to søyene. Det var då knytt stor spaning til førehandsrøystene frå vêrane. Den første stemmesetelen var dessverre uleseleg, og måtte forkastast. Den siste stemmesetelen var signert av den unge vêren Bjarte, og  måtte òg forkastast, då valet skulle vere hemmeleg.

Sauen.no sin utsende vart vitne til ei skuffa og harm stemning i flokken. – Ubrukelege vêrar, dei greier ikkje levere ein gyldig stemmesetel ein gong, var ei av dei negativt lada meldingane som kom frå møtelyden denne kvelden.

Leiar for teljekorpset, Kosinus, tok då ordet:

– Det viser seg at vi er 37 røysteføre, og difor må nokon anten ha lagt i to stemmesetlar eller så har nokon ikkje lagt stemmesetel i urna.

Det gjekk eit støkk gjennom forsamlinga. Alle stemmesetlane vart grundig undersøkt. Klara, som har eit overordna kosmetiske ansvar i flokken, fekk oppgåva med å samanlikne klauvskriftene på stemmesetlane.

Det viste seg at Hjurdis hadde lagt inn to stemmer på seg sjølv, og med det vart Haldis vald til tillitssau denne junikvelden. Sauen.no gratulerer!

Relaterte innlegg