Tillitssauen Haldis tviheld på vervet

Tillitssauen Haldis tviheld på vervet

Tillitssauen Haldis tviheld vervet

Image link

Haldis. Foto: Håvar Fagerli

Ein relativt oppegåande lesar av sauen.no stiller spørsmål om det ikkje er på tide med nyval av tillitssau. – Det er vanleg at tillitsverv gjeld for to år, skriv lesaren. – Ikkje her på garden, nei, fnys tillitssauen Haldis tilbake.

Sauen.no tek seg den fridom å gjengje meldinga som tikka inn til oss for nokre dagar sidan:

«Etter at eg har lese meg opp på dykkar tilvære på sauen.no ser eg at de har eit fantastisk rikt liv på garden Fjellet. Dette trass i at Fjellaren både er kravstor og eigentleg gløppar. Eg var merksam på at de hadde val av tillitssau i juni 2015, og det ser ut til at Haldis framleis held vervet. Det er vanleg at tillitsvervet gjeld for to år. Eg vil tilrå at de gjennomfører nytt val av tillitssau i år.»

Tillitssauen tek ordet

Sauen.no takkar for det viktige innspelet, og utfordra difor Haldis til å kome med ei uttale.

– Då eg tok på meg vervet som tillitssau, var det ingen som sa noko om tidsperiode. Eg likar å følgje med på det som skjer litt utanfor beitet. Og eg kjenner til fleire som har verv utan tidsavgrensing. Dette er til dømes vanleg i både Nord-Korea og Zimbabwe, seier den samfunnsmedvitne tillitssauen.

Sauen.no kjenner til at det no er grupperingar i saueflokken, som etter dette innspelet frå fastlandet,  ynskjer å arbeide for nyval av tillitssau. Ingen av desse torer på noverande tidspunkt å stå fram på grunn av frykt for å få eit horn i sida av tillitssauen.

Fjellaren ynskjer ikkje å kommentere denne saka. Sauen.no mistenkjer at Fjellaren også kjenner seg pressa av tillitssauen til å halde stilt.

Sauen.no vil sjølvsagt følgje opp denne saka. På same tid tek sauen.no sjølvkritikk på å ikkje ha følgt opp dei demokratiske prosessane i saueflokken på ein god nok måte. Sauen.no takkar den merksame lesaren Peder i Fjæra for eit godt og svært viktig innspel.

Tillitssau Haldis var sjølvsagt tidleg i køen, og fekk gode skussmål frå frisøren.

– Pål Støylen sa eg var ein skikkeleg flott sau, skryt tillitsauen, og legg til at ho vil bruke dette for alt det er verdt i framtidige forhandlingar med Fjellaren.

Relaterte innlegg