Ilter søye på tråden

Ilter søye på tråden

Ilter søye tråden

Image link

Solsikke. Foto: Håvar Fagerli

Sauen.no har no fått innlagt fasttelefon, og den første som ringjer oss er den pensjonerte og avlidne sauen Borghild. Ho kjenner seg lite verdsett.

– Hei, det er Borghild som ringjer.

– Hei, Borghild! Kjekt å høyre frå deg igjen.

– Takk det same. Som de hugsar så fekk eg og nokre medsøyer reise til Førde tidlegare i haust. Sjølv om vi ikkje snakkar høgt om det, veit vi vel alle kva som ventar oss til slutt. Alle reiser har ein slutt, og for vår del sluttar reisa ved Nortura-anlegget i Førde.

– Ja, vi er vel alle klar over at det er slik det er. Men då er det noko oppsiktsvekkande at vi snakkar med deg over telefonen no.

– Ja, eg forstår at det kan vere noko merkeleg at ein død sau ringjer inn til redaksjonen. Men eg kan fortelje at han eg lånar telefon med, tykte at opplevinga mi var så oppsiktsvekkande at han gjorde eit unntak frå reglementet som gjeld her oppe.

– Her oppe seier du. Kan du fortelje litt om korleis det er der du er no, (spør vi med håp om endeleg å få svar på det store spørsmålet, journ.anm).

– Kan eg få kome til poenget snart? Eg fekk låne telefonen på eitt vilkår. Det var å ikkje fortelje noko sladder frå staden vi er på no. Men vi har det bra, og eg skal helse!

– Takk for det. Vi forstår. Ver så god, Borghild. Fortel oss det du har på hjartet.

Avliden søye: Eg vil alle mine medsøyer til å ikkje selje seg for billeg

– Ja, tusen takk! No skal de høyre. Eg vart rimeleg irritert då eg høyrde kor lite dei verdsette meg. I fire år har eg pleia kulturlandskap, fødd framflotte lam og ete meg opp i flott natur. Eg har vore ute i god havluft, på godt fjellbeite heile livet. Gått i bratte bakkar, og opparbeidd ei god muskelmasse. Denne muskelmassen meinte marknaden var verdt ein femtilapp. Eg gremmes over at ein femtilapp skal vere ettermælet mitt, når eg veit at eg er verdt så mykje meir, seier ei skuffa Borghild.

– Kva vil du gjere med dette, Borghild?

– Eg har forstår at det kan vere vanskeleg å nytte seg av nokon angrerett. Men framover vil eg rå alle mine medsøyer til å ikkje selje seg for billeg. Eg er sikker på at mange vil setje pris sau, om det berre blir marknadsført på ein god måte. Takk for meg!

Relaterte innlegg