Låvelause tilstandar på Fjellet

Låvelause tilstandar på Fjellet

Låvelause tilstandar Fjellet

Image link

Hausten 2016 forsvann låven på garden. – Kvifor, kva no, spør tillitssau Haldis (innfelt). Sauen.no tek saka og stiller Fjellaren til veggs (sjølv om det for tida naturleg nok er noko vanskeleg, journ. anm.).

Slik såg det ut etter at låven vart borte:

Image link

– At låven no er borte har sterkt gått inn på nokre av sauene. Dei fryktar no fleire destruktive tiltak frå Fjellaren. Kvifor har du fjerna låven på garden?

– Eg forstår at sauene er noko uroa når driftsbygningen no er riven, og sauene kjenner seg litt huslause. Men eg kan roe alle med at vi framleis er så heldig å få låne husrom og fôrlager av gode grannar. Alle får framleis gå under tak om dei ynskjer det, forsikrar Fjellaren.

Sauene på Fjellet går ute heile året, men har likevel tilgong til husrom om dei vil innandørs. Dette er ei løysing som alle partar er godt nøgde med.

Fjellaren legg til at han sjølvsagt har planar om å byggje opp ein ny driftsbygning på garden, men han legg til at dette faktisk ligg litt i hendene på styresmaktene.

– Vi har ynskje om at det skal bli endå fleire sau på Fjellet. Vi ynskjer også å byggje opp ein moderne driftsbygning på garden, men det vil vere ei stor investering. For å drive med sau og pleie det særeigne kulturlandskapet er vi heilt avhengige av bilferja til øya vår. Skal vi satse vidare, må vi vere sikre på at vi framleis har ei bilferje med god kapasitet og regularitet stasjonert her ved øya, seier Fjellaren.

Folket på Fjellet er no spente på korleis styresmaktene utformar anbodet for ferjesambandet Barmen – Barmsund.

– Ynskjer styresmaketene å satse på oss, så kan dei vere sikre på at vi satsar framover. Vi er optimistar, og trur nok at ein moderne driftsbygning vil reise seg på Fjellet, seier Fjellaren.

Fjellaren: Eg forstår at sauene er noko uroa
Image link

Før ein kunne starte på sjølve rivingsarbeidet måtte taket av eternitt sanerast. Her måtte det skikkelege fagfolk til, og Stormbygg AS tok jobben. Det vart då sett opp stillas rundt heile låven. (Foto: Håvar Fagerli)

– Sauen.no er kjent med at den gamle låven har ein rik historie, har blitt bygd på i fleire omgangar og har tent som driftsbygning mange tiår. Kvifor valde de å rive låven?

– Slik som med alt anna som eldast, så krev det mykje vedlikehald. Under stormane dei siste åra har takplater av eternitt blåst av, og skada andre bygningar og bilar. Taket måtte bytast, og det måtte også mykje av reisverket. Løysinga vart difor å ta ned heile bygget, og heller legge til rette for nybygg, seier Fjellaren.

I ei låven var det lagra gjenstandar som hadde historie fleire hundre år tilbake. Observante sauer kan fortelje til sauen.no at Svigermora og likesinna gjorde ein kjempejobb med å sortere og ta vare på eldre gjenstandar. Det som ingen ville ta vare på vart sendt på fastlandet med søpplekontainar frå Retura.

Image link

– Sommaren gjekk med til rydde, sortere og kaste, fortel Fjellaren. (Foto: Håvar Fagerli)

Fjellaren: Trivelege karar, som jobba både effektivt og godt

Under intervjuet med Fjellaren kjem han stadig innom kor fornøgd han er med lokale handverakarar som har gjort arbeidet med rivinga.

– Sidan taket var av asbest, måtte det handterast etter strenge reglar. Stormbygg AS tok jobben, og rydda bort kvart eit lite  asbestkorn. Trivelege karar, som jobba både effektivt og godt, seier Fjellaren!

Image link

Stormbygg AS. (Foto: privat)

Image link

Under arbeidet med saneringa vart området stengt av, og Svigermora måtte gå om sauebeitet for å kome seg ut i verda.
– Triveleg å få Svigermora innom, seier tillitssauen Haldis. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

John Kvernvik i gravemaskina startar rivingsarbeidet. Svigermora dokumenterer. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

– John Kvernvik i Kvernevik AS har til liks med oss sauer mykje av æra for at det ser så fint ut på Fjellet. Med gravemaskina formar han landskapet på ein fantastisk måte, seier Shabby Sheep, sau med sans for estetikk. (Foto: Håvar Fagerli)

– John Kvernevik i Kvernevik AS er ein sann kunstnar med gravemaskina. På nokre dagar var låven riven. Og der låven stod var det no blitt ein stor og flott gardsplass. Fantastisk flott arbeid, seier Fjellaren.

Tillitssau Haldis seier til sauen.no at ho forventar at Fjellaren reiser ein ny driftsbygning omgåande.

– No får vi sjå om det er noko tak i denne sauebonden, eller om det berre er ord.

Image link

(Foto: Håvar Fagerli)

Relaterte innlegg