Sauene overvakar sauebonden

Sauene overvakar sauebonden

Overvakar sauebonden med bondebjøller

Image link

Saueflokken på Fjellet jublar no etter eit vellukka forsøk med bondebjøller på sauebonden. – Dette er ein stor dag for alle oss som ynskjer ei meir effektiv drift her på garden, seier Haldis, tillitssau og prosjektleiar.

Det er frå før godt kjent at ordinære sauer går rundt i fjellheimen med elektroniske bjøller som med GPS kan sende informasjon om rørsle og aktivitet tilbake til sauebonden.

Dette har sauene på Fjellet snudd på hovudet, og heller bruker systemet til å overvake sauebonden på garden. Sauebonden, eller Fjellaren  som han kallar seg, vart av prosjektgruppa i saueflokken påkopla ein GPS-sendar.

Tillittssau: Vi mistenkjer at han er litt slapp i gardsarbeidet

– Hovudgrunnen til at vi no måtte setje GPS-sendar på Fjellaren er at vi mistenkjer at han er litt slapp i gardsarbeidet. Når Fjellaren sit i ro meir enn eitt minutt går det ein alarm på sauebeitet, og vi kan setje i gong tiltak, informerer Haldis.

Image link

– Kva tiltak er det snakk om?

– Det ynskjer vi ikkje å utdjupe, men vi kan i alle fall seie at det er effektive tiltak som gjer at Fjellaren får fart på føtene, humrar tillitssauen.

Sauene på Fjellet håpar no på økonomisk støtte frå regjeringa til å vidareutvikle systemet.

– Vi ser at dette kan vere eit svært godt tiltak for å effektivisere landbruket endå meir, seier den optimistiske tillitssauen.

Tillittsau: Dette kan vere eit svært godt tiltak for å effektivisere landbruket
Relaterte innlegg