Foto: Håvar Fagerli
– Det er frustrerande å konstant gå i motvind, seier Ulla Britt, frisørkontakt og skravlesau.
Ulla Britt fortel til Sauen.no at det er merkeleg at uansett kvar ho går, så bles det beint imot.
– Eg føler at både vinden og livet er imot meg, seier Ulla Britt.
Retningsendring
-Men har du ikkje prøvd å endre litt på retningen når det bles som hardast imot, spør vi?
-Det har eg ikkje tenkt på. Om eg snur meg heilt om, vil eg ikkje då ha medvind, spør Ulla Britt.
– Det er nok veldig sannsynleg. Så då vil vi ynskje Ulla Britt lukke til med å snu seg etter vinden.